Nyheter

Fryktar læringsgap til dei svake: – No hastar det å prioritere dei

Dei sårbare elevane har lide under unntakstilstanden i skulen, viser ny rapport. No krev Ap ein konkret plan for å jamne ut klassen igjen – og det raskt.

Frå eit stuebord med oppslådde bøker, klisterlappar og tulipanar som strekker seg mot søppelbøtta prøver Stine Harbø å sjå kvar einaste elev.

– Heimeskulen blei jo ein pangstart for alle, både barn og vaksne, seier spesialpedagogen, som jobbar på Østensjø skole i Oslo.

Med få planar då skulen stengde, tok det tid å få undervisninga optimal. For plutseleg blei forskjellane blant elevane enno større enn i klasserommet.

Sjølv har Harbø vore på skulen eit par timar i veka med enkelte ho veit treng rammer og oppfølging. Og ho er alltid klar med telefonen. Men ikkje alle lærarar har høve, eller motivasjon, til det.

Skilnadane aukar meir utover i krisa

For kvar dag i unntakstilstand blir ulikskapen mellom elevane større. Det rapporterer skular over heile landet.

Dei som allereie sleit med motivasjonen, språket, forhold heime eller spesielle behov har fått problema sine forsterka. Det viser ein ny rapport frå Utdanningsdirektoratet.

– Eg er ikkje overraska, seier Torstein Tvedt Solberg.

Arbeidarpartiets utdanningsmann på Stortinget er kritisk til at skulen stengde brått, og utan klare planar – spesielt for å følge opp dei som treng det mest.

No hastar det med ein tiltaksplan, eller krisepakke, for å sikre desse elevane, meiner Ap.

– Me har eigentleg berre fram til sommaren til å sikre at kunnskapshòla blir tetta.

– Viss dette heng over til hausten, er det kritisk. Det kan lage eit enno større gap mellom elevane, seier Tvedt Solberg.

Slitarane treng timeplanen

Spesialpedagog Stine Harbø merkar uroa auke med tida som går. Dei som har det vanskeleg heime, eller treng særskilt tilrettelegging, treng strukturen skulen gir.

Heller ikkje alle elevane har PC eller mobil til å delta undervisninga.

– Nokre av dei som hadde mest trøblete forhold til skulen, har ropt høgast om kor tid me skal tilbake, seier ho.

Harbø er ikkje framand for ei tiltakspakke frå politikarane – så lenge ho ikkje legg fleire nye oppgåver på lærarane. Ho ser fram til å sjå sjetteklassingane sine igjen.

– Men me må ikkje tenkje at me skal ta igjen månadar med undervisning. Me må først sikre at alle har nokon å snakke med, seier ho.

Klokka tikkar

Basert på uroen frå lærarar, frå nord til sør, etterlyser Arbeidarpartiet prioriteringar på vegner av skulane.

Tiltaka må gjelde 1. til 4.-klassingane som no skal tilbake på skulen, men òg dei som framleis må bli heime.

– Det er politikarane sitt ansvar at elevane som treng det mest, får nok ressursar no, seier Torstein Tvedt Solberg.

– Me må sikre spesialundervisninga. Dei tospråklege må få oppfølginga dei treng og barna i faregrupper må bli følgt opp, seier Solberg.

Regjeringa har tillit til lærarane

Når Kunnskapsdepartementet får spørsmål om Ap si tiltakspakke, svarer statssekretær Anja Johansen (V) at dei har tillit til at lærarane følgjer opp barna med størst behov.

– Lærarane har lagt ned ein enorm innsats. Dei må vere ekstra merksame når nokon no kjem tilbake, og vurdere om dei treng noko ekstra, fagleg eller sosialt, seier ho.

Statssekretæren oppmodar skuleeigarane til å strekke seg langt for å støtte dei sårbare.

– Så lenge me kan ivareta omsynet til smittevern, er det betre med nokre for mange enn for få på skulen eller i barnehagen, seier Johansen.

Ho understreker at elevane med utfordringar framleis har rettane sine, sjølv i koronatida.

– Samtidig gir me fleksibilitet til å gjere tilpasningar viss det er naudsynt. Då må det leggjast stor vekt på elevens beste, seier ho.

Enn så lenge har spesialpedagog Harbø sett inn eit ekstra gir for sjetteklassen.

– Dei sårbare elevane eg har møtt åleine, har gitt uttrykk for at det har vore godt, seier ho.

LES MER:

• Oppmodar til videosamtale med barn

• Nytt lovforslag skal sikre sårbare barn etter skilsmisser

• Ropstad til barna: Ta kontakt med ein vaksen du stolar på

---

Skulestenging

  • 12. mars blei døra til norske klasserom lukka.
  • Utdanningsdirektoratet publiserte april 2020 ein rapport om konsekvensane av dette.
  • Alle fylkesmenn i Noreg har intervjua to kommunar for å sjå korleis koronatiltaka har påverka undervisning, barn og unge.
  • Positive funn: Fleirtalet har klart vekene med stenging på ein god måte, og dei fleste føler seg ivaretatt.
  • Negative funn: Fleire fryktar konsekvensane for læring og sosial utvikling, spesielt for dei med utfordringar. Spesiell er uroen for tospråklege og dei som treng spesialundervisning.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter