Politikk

Fryktar koronaen hindrar «det viktigaste miljøslaget»: SV vil utsetje behandlinga av iskanten

Snart legg regjeringa fram forslaget til kvar den omstridde iskanten skal gå. Men SV er redde viruskrisa gir dårlegare behandling av saka.

Bilde 1 av 4

– Slaget om iskanten er det viktigaste miljøslaget denne stortingsperioden, seier Lars Haltbrekken i SV til NTB.

Derfor føreslår han og partiet å utsetje spørsmålet om kvar ­iskant-grensa skal gå. Dei er redde­ koronakrisa gjer at saka ikkje blir behandla grundig nok.

– Organisasjonane og andre får ikkje lagt fram synspunkta sine på ein ordentleg nok måte, no under koronakrisa, seier Haltbrekken.

Den omstridde oljegrensa

Fleire kjelder rundt prosessen stadfestar overfor NTB at regjeringa vil kome med forslaget til forvaltningsplan for Barentshavet denne veka. TV 2 melde det same før helga.

Men Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og MDG har fleirtal i komiteen. Dermed kan dei få utsett saka.

– Eg meiner me skal klare å behandle saka på ei forsvarleg måte, seier Stefan Heggelund (H) til Vårt Land.

Han sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget og fortel at Høgre har brukt lang tid på å få eit fagleg grunnlag for å bestemme seg i denne saka.

– Me har møtt mange organisasjonar, verksemder og viktige aktørar som har meiningar om dette.

– Og me slutta ikkje å høyre på folk då koronaen kom. Videokonferanse er òg ein bra måte og møtast på, seier Heggelund.

Ei vesentleg sak for Venstre

I praksis definerer iskanten kor langt nord det skal vere lov å drive oljeverksemd.

Venstre er klare på å flytte ­iskantsonen sørover, og argumenterer mellom anna for det biologiske mangfaldet.

– Eg kan ikkje sjå at denne saka er annleis enn andre store­ saker på Stortinget framover, seier Venstres Ola Elvestuen om forslaget til SV.

– Det må nesten vere opp til energi- og miljøkomiteen kor lang tid dei treng på å behandle saka når dei får henne, seier Elvestuen.

Nestleiaren i Venstre understreker at denne saka er viktig for Venstre sin klimapolitikk.

– Regjeringsplattforma seier me skal legge vekt på faglege råd. Og dei er heilt tydelege på at grensa bør gå lenger sør enn den gjer i dag.

Skapar borgarleg splid

Medan Venstre kan vente seg drahjelp frå KrF og SV i forhandlingane, har verken Arbeidarpartiet eller Senterpartiet konkludert.

På same tid har Framstegspartiet eit heilt anna utgangspunkt. Energi- og miljøpolitisk talsperson Jon Georg Dale forventar at regjeringa først kjem til dei når samtalane startar.

– Alt anna vil vere oppsiktsvekkjande, seier han til NTB.

Arbeidarpartiet vil ikkje gå ut med sitt synspunkt før forslaget frå regjeringa ligg på bordet.

– Men me har møtt alle berørte miljø, som miljøfaglege organisasjonar, olje, fiskeri og shipping. Me er godt førebudde på debatten, seier Espen Barth Eide.

Han understreker at det blir viktig å sjå kva vekt dei faglege råda har fått.

– Når det gjeld å utsetje behandlinga, har eg sympati for at denne saka må bli gjort ordentleg. Me skal sjå seriøst på SV sitt forslag, seier Barth Eide.

Går bort frå plattformen

Frp raslar no med sabelen mot regjeringa, mellom anna for å halde fram høg aktivitet i petroleumssektoren. Krisa i oljenæringa, saman med virusutbrotet, har blitt viktig for partiet.

– I situasjonen norsk økonomi står i har ikkje Noreg råd til at Høgre gir Venstre nok eit symbolsk klimagjennomslag ved å flytte iskanten sørover, seier Jon Georg Dale til NTB.

Venstre minner om at Frp sjølv var med på både Jeløya- og ­Granavolden-plattformane. Dei la opp til å lytte til miljøfaglege råd rundt iskanten.

– Dei har vore med på grunnlaget bak denne saka. Kvifor dei no går bort frå det, står dei til ansvar for å svare på, seier Elvestuen.

LES MEIR:

Dette blir årets viktigaste klimasaker.

Iskanten hadde skapt trøbbel for Frp i regjering.

Desse er dei mest klimaskeptiske landa i verda.

---

Iskanten

  • Ei kartfesta grense for særleg verdifulle og sårbare område nord i Barentshavet.
  • I den gjeldande forvaltningsplanen er grensa sett der isen dekker minst 15 prosent av havoverflata 30 prosent av dagene i april. (Basert på satellittobservasjonar frå 1967 til 1989).
  • Iskanten setter i praksis grensa for kor langt nord det kan opnast for petroleumsverksemd.
  • Fleire medier erfarar no at ein revidert forvaltningsplan for Barentshavet blir lagt fram denne veka.
  • Der kan det bli gjort justeringar i definisjonen av iskanten. Det fører til at grensa blir flytta lenger sør eller nord.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk