Nyheter

Frp ber kyrkjeleiarar droppe kampanjar for barna i Syria

– Me blir ikkje påverka av slike kampanjar, så dette kan dei droppe, seier Frps justispolitiske talsmann Himanshu Gulati.

Stortingsrepresentanten frå Frp ber kyrkje- og livssynsleiarar halde seg unna spørsmålet om å hente heim norske barn frå Syria.

– Det skal vere eit skilje ­mellom politikk og religion, så eg meiner dei ikkje bør blande seg inn i denne saka, seier ­Himanshu Gulati.

Sjefbiskop Helga Haugland Byfuglien i Den norske kyrkja forklarar i Vårt Land fredag kvifor ho stiller opp for Redd Barna-kampanjen HentBarnaVåreHjem:

– Norge har eit ansvar for desse barna, seier sjefsbiskop Helga Haugland Byfuglien i Den norske kyrkja.

Saman med åtte andre kyrkje- og livssynsleiarar krev preses Byfuglien at Solberg-regjeringa hentar heim alle norske barn frå Syria, ikkje berre dei som står utan foreldre. I juni henta Norge heim fem foreldrelause.

«Gjer det rette»

– Blir de påverka av denne ­typen kampanjar, Gulati?

– Nei, me meiner me gjer det rette, seier Frps justispolitiske talsmann.

Eit fleirtal av partia på Stortinget seier ja til heimhenting av barn, inkludert Venstre og KrF. Men i Solberg-regjeringa seier Frp og Høgre bestemt nei.

LES MEIR: Kyrkjeleiarar stiller opp for Redd Barna - krev norske barn heim frå Syria

Velprøvd aksjonisme

Eli ­Skogerbø har sett mange politiske kampanjar bli rulla ut for å påverke Storting og regjering. Ho er professor og forskar og underviser i politisk kommunikasjon:

– Kampanjar av denne typen er ein velprøvd form for aksjonisme. Det Redd Barna gjer her er å byggje legitimitet for eitt ­bestemt krav. Gjennom dei ulike kampanjane får organisasjonen fleire grupper av kjente nordmenn, eks-ministrar, forfattarar og livssynsleiarar til å stille seg bak eitt krav. Innad i kvar ­gruppe vil ein vere usamd om mykje, men her gjer ein felles sak; få dei norske barn i Syria til Norge, seier Skogerbø som jobbar ved Senter for politisk kommunikasjon på Universitetet i Oslo.

Ikkje spå utfall

– Men verkar slike kampanjar?

– Me veit at denne type ­kampanjar har verka ­tidlegare, men om akkurat denne vil nå fram, kan me ikkje seie på ­førehand.

Ho forklarer at brei mobilisering kan endre utfall, for styresmakter let seg påverke av krav frå opinionen.

LES MEIR: Kyrkjeseniorar legg press på Solberg

Avgjer konklusjonar

Skogerbø forstår kvifor Redd Barna mobiliserer tidlegare regjeringsmedlemmer, f­orfattarar og kyrkje- og livssynsleiarar:

– Dersom regjeringa til slutt seier ja til å hente alle ­barna til Norge, kan ein seie at ­kampanjane var med og ­påverka avgjerda. Og dersom ­regjeringa ikkje hentar dei heim, kan Redd Barna seier at dei prøvde å ­påverke avgjera, og at dei­­ ­samla breie grupper bak kravet – og at dei hadde opinionen med seg, men lukkast ikkje.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter