Kirke

Frelsesarmeen: Naudsynt med rettsprøving

Frelsesarmeen seier det er «umåtelig viktig» å få avklart kva som var avdødes siste vilje, har vore involvert i fem rettssaker på ti år.

I fjor gjekk kyrkjesamfunnet til sak mot fem arvingar, saman med Kreftforeningen og Nasjonalforeningen. Ei kvinne etterlèt seg 35 millionar til fem slektningar, men saman med avdød ektemann hadde ho også sett opp eit testamente i 1997 der Frelsesarmeen og dei to andre blei tilgodesette.

Øivind Christensen, leiar for kontor for arvesaker i Frelsesarmeen i Norge, Island og Færøyene, ønskjer å svare skriftleg på Vårt Lands spørsmål om søksmålet mot fem familiearvingar.

– Kvifor valde Frelsesarmeen - saman med Kreftforeningen og Nasjonalforeningen - å saksøkje dei fem arvingane som blei tilgodesett i det siste testamentet?

– Frelsesarmeen er takknemlege og audmjuke over alle som hjelper oss å hjelpe andre gjennom å gi pengar til si hjartesak. Arveoppgjer handlar djupast sett om korleis ressursane til eit menneske skal leve vidare etter at han eller ho ikkje er blant oss lenger. Derfor er det umåteleg viktig å få klarleik i kva som var den siste viljen til avdøde. Nokre gonger kan det vere tvil og usemje om dette og i enkelte svært få tilfelle er det naudsynt at saker blir prøvde for retten – som i denne saka.

LES MEIR: Kyrkje er saksøkt – domstol avgjer arvestrid

– Uriktig framstilling

For Frelsesarmeen blei søksmålet mot fem arvingar avvist i første omgang.

– Kvifor godtok de ikkje Oslo byfogdembetes vurdering om at det var det siste testamentet, det frå 2016, som skulle leggjast til grunn?

– Det er ei uriktig framstilling. Arvesaka var under offentleg bubehandling med bustyrar oppnemnt av Oslo Byfogdeembete. Partane kom ikkje til semje og saka blei konkludert som tvist, seier Christensen.

Han er tydeleg på at éin av partane må bli tildelt saksøkarbyrda, og at det i dette tilfelle fall på organisasjonane.

– Dette seier ikkje noko om kven som har rett eller gale, berre kven som får ansvaret for å saksøke i forkant av den rettslege avgjerda. Når dommen fall tok organisasjonane denne til etteretning og den blei følgeleg rettskraftig kort tid etter.

Fem saker

Saka med dei fem arvingane blei avgjort av Oslo byfogdembete i juni i fjor. Dei fem slektningane vann på alle punkt, for testamentet frå 1997 var ikkje ei arvepakt. Saksøkjarane måtte også ut med sakskostnadane.

Frelsesarmeen og dei to andre organisasjonane anka ikkje avgjerda. Dei fem familiearvingane fekk hand om arven.

– Kor mange tilsvarande rettssaker har Frelsesarmeen vore involvert i som gjeld arv og testamente – altså kor mange gonger har de gått til sak, eller blitt saksøkt?

– Av dei om lag 1.100 arvane vi har fått dei siste ti åra, har vi så langt eg veit vore involverte i fem saker. I to av desse sakene har vi fått saksøkarbyrda og som nemnt, dette seier ikkej noko om kva tolking som er rett eller feil.

LES OGSÅ: Kristne organisasjonar ber om arv

Takkar nei til arv

– Kva omdømmevurderingar gjer Frelsesarmeen når de vel å gå til sak for å få avklart arv?

– Eit solid omdømme er resultatet først og fremst av ein gjer det rette, og dernest at ein gjer det kjent. Derfor er det den siste viljen omtalt i testament som er styrande for oss. Vi gjer alt vi kan av undersøkingar for å forstå kva den avdøde ønskte. Dette har også medført motsett resultat i enkelte saker, der vi har sagt frå oss arv som står fram som uriktig etter at vi har undersøkt grundig, seier Christensen.

Han seier det er tvil og usemje i nokre saker:

– Vi prøver så langt vi kan å komme fram til semje innafor omtalen til testamentet. I svært få tilfelle får vi dessverre ikkje det til og det er naudsynt at saka blir prøvd rettsleg.

LES OGSÅ: Testamenterer til kreft og kristendom

Milliardar blir arva

Opp mot ein halv milliard kroner blir årleg gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar. Men potensialet er monaleg større. Verdiar for 75 milliardar kroner blir årleg overført til neste generasjon nordmenn, viser ein rapport Høyskolen Kristiania har laga for Norges Innsamlingsråd.

Arv er viktige inntekter i budsjetta til kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar. I fjor fekk Frelsesarmeen mest, 105 millionar kroner – eller ein halv million meir enn året før. Ein annan stor arvemotakar er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Her gjorde dei opp fjoråret med nesten 29 millionar frå dødsbu. Summen utgjer 18 prosent av gåveinntektene. Tilsvarande tal i Frelsesarmeen er heile 46 prosent. Her var det største buet på 12 millionar kroner.

Frivillige organisasjonar har lenge vegra seg for å gå offensivt ut og be om arv, i frykt for å trø feil. Men ti kristne organisasjonar utfordra kulturell stengsel, og rulla for eit år sidan ut kampanjen Det gode testament som ber folk hugse dei i testamentet. Dei ti er Bibelselskapet, Misjonsselskapet, Blå Kors, Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, Kristen Idrettskontakt, Kirkens Nødhjelp, Sjømannskirken, Søndagsskolen og Wycliffe, som driv med bibelomsetjing. Kampanjen er eit samarbeid mellom Norges Innsamlingsråd og totalt 36 organisasjonar.

– Stadig fleire organisasjonar får førespurnader om arv, både om dei kan testamentere til organisasjonen og korleis. Men om fleire skriv testamente veit me førebels ikkje. Grunna sterk arvelov har ikkje nordmenn vore vane med å snakke om temaet, seier generalsekretær Siri Nodland i Norges Innsamlingsråd til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke