Vårt Land har kartlagt den lokale kontantstøtta i fleire kommunar:

 Hå kommune:

Foreldre kan få kommunal kontantstøtte for barn mellom to og tre år som ikkje har barnehageplass og bur i Hå kommune. Kommunen har ei gradert ordning: Ingen dagar i barnehagen i veka gjev 5.000 kroner i månaden i kontantstøtte, medan tre dagar i barnehagen i veka gjev 2.000 kroner i månaden.

KrF har ordføraren, styrer saman med Sp og Ap.

• Karmøy kommune:

Yter kommunal kontantstøtte for barn mellom to og tre år som ikkje går i barnehage, blir utbetalt frå månaden barnet fyller to år til og med månaden før barnet fyller tre år. Den kommunale kontantstøtta ligg på 3.303 kroner i månaden.

Ap har ordføraren, styrer saman med KrF.

• Kristiansand kommune:

Gjev kommunal kontantstøtte frå den månaden barnet fyller to år, og til og med månaden før barnet fyller tre år. Betalar ikkje ut støtte til barn som delvis brukar barnehage. Betalar i dag ut 4.000 kroner i månaden.

Høgre har ordføraren, styrer saman med KrF.

• Lindesnes kommune:

Betalar ut kommunal kontantstøtte for barn mellom to og tre år som ikkje går i barnehage eller har gradert plass; inntil 19 timar kvar veke. Satsane for ingen barnehageplass er 4.000 per månad, og 2.000 kroner per månad for barn som er inntil 19 timar per veke i barnehage.

Høgre har ordføraren, styrer med Venstre, Frp og Pensjonistpartiet.

• Giske kommune:

Kommunal støtte gjeld for barn i alderen frå og med månaden barnet fyller 24 månader, og til og med den månaden det fyller 35 månader. Støtta er på 5.000 kroner per månad.

KrF har ordføraren.

LES MEIR: Presset mot kontantstøtten øker i Ap

• Randaberg kommune:

Betalar ut kommunal kontantstøtte for barn frå fylte 13 månader til og med 23 månader, altså i tillegg til den statlege kontantstøtta, og blir utbetalt i 11 månader. Full kommunal kontantstøtte utgjer 1.000 kroner per månad, og 500 kroner for redusert plass i barnehage; mindre enn 19 timer per veke.

Ap har ordføraren, styrer saman med KrF.