Nyheter

Framtiden i våre hender krev matkastelov

Framtiden i våre hender meiner Norge må få ein matkastelov som pålegg butikkar å gje vekk fullgod mat dei ikkje får selt. Virke vil først prøvde med det gode.

– Det er fælt at det blir kasta så mykje mat i Norge, samstundes som 150.000 menneske er matfattige. Dette viser at vi treng ein matkastelov i Norge som pålegg butikkane å gje vekk overskotsmat, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender (FIVH).

Vårt Land fortalte i går at mat er mangelvare i Norge.

LES MEIR Matmangel rammar 150.000 nordmenn

Matmangel

Det finst nemleg folk og familiar som korkje har nok mat til å dekke 
matbordet eller til å smøre matpakker til barna:

Om lag 150.000 menneske i Norge har opplevd ikkje å ha nok mat det siste året; vel tre prosent av befolkninga seier dei «ofte eller nokre gonger» har mangla mat.

Det avdekkjer ein studie om matfattigdom gjennomført av Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

Årleg blir det kasta vel 350.000 tonn mat her i landet.

Overskotsmat

Bakken Riise understrekar at i de største byane i Norge er fattigdommen betydelig.

– Samstundes er det her butikkane er dårlegast til å gje vekk overskotsmat, seier ho, og viser til ein fersk FIVH-rapport som fortel at berr 20 prosent av daglegvarebutikkane i Oslo gjev vekk overskotsmat til ideelle organisasjonar.

Men FIVH-leiaren er glad for at landets fire matsentralar har gode leveransar av mat som kan delast ut til dei som verkeleg treng mat på bordet. Etter at Bergen fekk ein i haust, er det matsentralar i Oslo, Bodø og Tromsø.

Avtale

I Virke Dagligvarehandel er direktør Ingvill Størksen bransjesjef for drygt 2.200 medlemsbedrifter, det meste av den private daglegvarehandelen samt grossistar.

– Kva seier de til FIVHs forslag om ein eigen matkastelov?

– Vi vil redusere matkastinga, og daglegvarehandelen er med på fleire løysingar. Mange set ned prisen på matvarer som nærmar seg utløpsdata, fleire gjev vekk overskotsmat. Men i og med at alle i kjeda, frå jord til bord, har signert ein avtale om å arbeide aktivt for å redusere matsvinnet, meiner vi det er vegen å gå, forklarar Størksen. Men, legg ho til:

– Vi kan diskutere matkastelov om vi ikkje får svinnet ned.

Tonn

I juni signerte matbransjen og Solberg-regjeringa avtalen som skal redusere matsvinnet i Norge. Målet er å halvere mengda mat som går til spille innan 2030 - altså ned til 175.000 tonn.

Virke-direktøren seier bransjen tek ansvar, men minner om at det er heime hjå forbrukarane at mest mat blir kasta, 217.480 tonn.

LES MEIR Norge får fleire matsentralar

Matsentral

Størksen i Virke er som Bakken Riise i FIVH glad for at Norge får fleire matsentralar som kan handtere fullgod overskotsmat.

– Difor var det uverdig av Solberg-regjeringa å kutte statsstøtta til Matsentralen i Oslo. FIVH og Virke daglegvare har samarbeida om å få støtte tilbake på statsbudsjettet for 2018, og eg er glad for at vi lukkast med det, seier Virke-direktøren.

Ventar

Cristiano Aubert, dagleg leiar i Matsentralen i Oslo, opplyser at dei fekk 800.000 kroner i statsstøtte i år.

– Vi er glade for at forliket sikrar oss statsstøtte neste år også, men førebels veit vi ikkje kor mykje vi får, noko som er svært frustrerande.

Lov

KrF fremma i fjor forslaget om ein eigen matkastelov, og i førre stortingsperiode ba ein samla næringskomité Solberg-regjeringa «utrede og eventuelt foreslå en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og dagligvarebransjen».

Men i oktober kunngjorde næringsminister Monica Mæland (H) at regjeringa ikkje ønskjer ein slik lov. Ein kan ikkje forby alt ein ikkje likar, sa ho.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter