Nyheter

Frakta vin – 350 piskeslag ventar

Religiøst politi tok mann med vin i bilen.

Karl Andree har jobba 25 år i Saudi-Arabia som leiar i oljeselskap. Under ein biltur i fjor blei han stoppa av landets religiøse politi, som ser til at alle etterlever Saudi-Arabias strenge lover. I bilen til Andree fann dei heimelaga vin, noko som både er strengt ulovleg å lage og nyte.

Domstolen meinte Andree fortente eitt år i fengsel og 350 piskeslag. No er fengselsstraffa sona, og berre piskeslaga står att.

LES MER: Kongen vil halshogge 21-åring

Vil døy

Men familien til Andree i Storbritannia meiner 74-åringen ikkje vil tåle den fysiske avstraffinga, melder The Guardian.

I ei pressemelding skriv dei: «Vår far har gjeve 25 år av arbeidslivet til Saudi-Arabia, og dette er behandlinga. Han er 74 år, har hatt kreft tre gonger og kona er døyande heime i Storbritannia. No treng han behandling for kreft og astma, og det er ikkje tvil om at 350 piskeslag vil ta livet av han.»

LES MER: Saudi-Arabia får lederverv i FNs menneskerettighetsråd

Statsminister pressar

Akkurat som i saka til Ali Mohammed al-Nimr skal den britiske statsministeren prøve å snakke Saudi-Arabia til fornuft. BBC melder at David Cameron har lova å ta Karl Andrees sak opp med saudiske styresmakter.

Fleire britiske statsrådar og tenestemenn har tatt opp 74-åringens sak med saudiske styresmakter, men regimet i Riyad har vendt det dauve øyra til.

LES MER: Skiftet tro – fikk moren hjem i en plastpose

1.000 slag

Piskinga av Karl Andree er ikkje den einaste piskesaka som vekkjer internasjonal merksemd. Også den saudiske bloggaren Raif Badawi er dømt til å få slag over ryggen. Han skal få 1.000 slag for å ha «fornærma islam».

Badawi fekk dei 50 første slaga i januar. Så har pisken blitt liggjande stille.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter