Nyheter

Frå kyrkje til kontor

– Tida for dei store kyrkjebygga er forbi, trur Sjømannskyrkjas utanlandssjef. Han vil unngå at kyrkja «sit fast» der den ikkje trengs.

Bilde 1 av 2

– Sjømannskyrkja treng å gjere gode vurderingar framover om korleis vårt nærvær skal vere, kvar vi vil bruke våre ressursar. Eg trur vi må ha lausare teltpluggar, seier Jan Tommy Fosse, som er utanlandssjef i organisasjonen.

Fosse tok opp temaet i Sjømannskyrkjas eige magasin nyleg. Saka var ikkje oppe under generalforsamlinga i Kristiansand sist helg, der det vart klart at Jørn-Henning Theis vart gjenvald som leiar av hovudstyret i organisasjonen. Temaet under generalforsamlingar var: Kva vil det seie å vere ei tenande kyrkje?

Nedleggingar

Mellom 1980 og 2008 vart 19 sjømannskyrkjer lagt ned, mellom anna i Curacao, Durban, Montreal og Baltimore. I 2016 stengde også kyrkja i New Orleans dørene. Ifølgje Fosse er det alltid utfordrande og krevjande å måtte legge ned kyrkjer.

– Det er fordi det er menneske som ofte har ein relasjon til kyrkja og som opplever det som si eiga kyrkje. Dei har sitt engasjement der, seier han.

Per dags dato er det ingen sjømannskyrkjer som har starta prosessen mot nedlegging.

Trekke seg ut

Rekordmange gjekk i sjømannskyrkja, skreiv Vårt Land i 2013. Nesten 600.000 besøkande hadde vore innom året før. Likevel seier Fosse at dei har sett over tid at tala går ned. Ei løysing på problemet kan vere omlegging, meiner han.

– Tida for dei store kyrkjebygga er forbi, sa du til Sjømannskyrkjas magasin. Kva legg du i det?

– Av og til er det riktig med fine og store kyrkjebygg, der det er rammer for det. Men andre stadar må det vere lettare å trekke seg ut, utan å sitje fast, i hermeteikn.

Han peikar på at nordmenn rører meir på seg enn før. Folk etablerer seg på nye plassar og spreier seg utover større område. Det er viktig også for Sjømannskyrkja å alltid vere i rørsle, seier Fosse.

– Om vi berre hadde hatt kyrkjer der vi var opphavleg, ville det vore mange plassar vi ikkje hadde vore representert i dag.

LES OGSÅ: Sjømannskirken vil vie likekjønnede

Færre signalbygg

I framtida ser Fosse føre seg at somme kyrkjebygg vil bestå. Andre stadar vil Sjømannskyrkja leige enklare lokale.

Kan det vere snakk om eit kontor i ei større bygning?

– Ja. Nyleg selde vi katedralen i Antwerpen og flytta inn i eit lokal på bakkeplan. Eit enkelt lokale som er billig i drift, der medarbeidarane våre får meir tid til å snakke med folk.

I tillegg vil organisasjonen styrke mobile tenester. Nyleg tilsette dei to nye ambulerande sjømannsprestar, som driv oppsøkjande verksemd.

– Ser du noko negativt ved ei slik omlegging?

– Kyrkjene er ofte signalbygg. Det ligg mykje kjensler, engasjement og historie knytt til dei. Folk vil kanskje oppleve det annleis i eit anna bygg, medgir han.

– Men det viktigaste for oss er gode møter og møtepunkt.

Anita Grønningsæter 
Digernes

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter