Nyheter

FpU utvidar abortgrensa

«Grensen for selvbestemt abort skal settes til uke 18», har Frps ungdomsparti vedteke.

På landsmøtet til Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) i april gjorde dei vedtak om utvida abortgrense til veke 18, men det har ikkje vore merksemd rundt dette før no.

Gjere tydeleg

«Det var for oss viktig å tydeliggjøre vårt standpunkt i spørsmålet om selvbestemt abort. Det skal ikke være tvil om hva FpU mener i dette spørsmålet», skriv FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud i ei tekstmelding til Vårt Land.

Han har god tru på at ei abortgrense på 18 veker blir ein røyndom, for Norge har aldri hatt ei så liberal regjering som no.

LES OGSÅ: Unge Venstre-lederen vil ha fri abort til uke 24

LES OGSÅ: Han får hard partikritikk

Grensestein

Abortlova blei vedteken av Stortinget 30. mai 1978. 40 år seinare ønskjer fleire ungdomsparti å flytte sjølve grensesteinen; grensa for sjølvbestemt abort.

Eit ungdomsparti har vedteke ei radikal endring og dyttar på for liberalisering, eit anna vil truleg gjere det same seinare i haust.

AUFs landsmøte i oktober skal nemleg handsame radikale endringar i dagens abortlov, fortalde Vårt Land fredag: Utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker, avvikle abortnemndene og «finne en løsning som også sikrer reell selvbestemmelse etter uke 18».

Utvide

Eit samla sentralstyre i AUF har sagt ja til dei tre endringane, og blir dei banka gjennom på landsmøtet, vil AUF følgje i fotefara til FpU.

Framstegspartiets Ungdom vedtok nemleg på årets landsmøte å meine noko konkret om abort - og grensa for sjølvbestemt abort. Programmet for perioden 2016-2018 sa ingenting om svangerskapsavbrot.

På landsmøtet vedtok FpU følgjande punkt i programmet for 2018-2020:

«Dagens abortlov fungerer, og rett til selvbestemt abort er en viktig rettighet og frihet for kvinner. FpU mener at grensen for selvbestemt abort skal settes til uke 18».

LES OGSÅ: KFUK-KFUM: Liberalisme på ville veier

Val

FpU-leiar Svendsrud forklarar utvidinga med seks veker, frå dagens 12, med «kvinners rett til å bestemme over egen kropp»:

«I dag er det slik at vi har abortnemnder som i realiteten avgjør om kvinnen får bestemme over egen kropp eller ikke etter uke 12. Ikke bare er dette en byråkratisk prosess, men det er også en prosess som kan gjøre et tungt valg enda tyngre for en kvinne. Flere land har allerede en abortgrense på 18 uker, og med tidenes mest liberale regjering bør det være oppnåelig også for Norge», skriv han i ei tekstmelding til Vårt Land.

Fristilte

Moderpartia til AUF og FpU reagerer ulikt på liberaliseringsiveren:

– I Frp har vi ikkje eitt partistandpunkt til abortgrensa, vi stiller representantane fritt. Derfor har vi dei som ønskjer å liberalisere dagens grense på 12 veker, og med det følgje FpU, og vi har dei som har eit meir restriktivt syn, seier Bårt Hoksrud, helsepolitisk talsmann i Frp.

Han fortel at han «er glad for fristillinga i denne typen saker».

– Kvar står du personleg?

– Eg tykkjer dagens grense på 12 veker fungerer heilt greitt, seier Hoksrud.

Frp har ingen abortformulering i partiprogrammet for 2017-2021, og har heller ikkje hatt slike formuleringar i tidlegare program.

Fredar

I Arbeidarpartiet er helsepolitisk talskvinne, Ingvild Kjerkol, totalt avvisande til AUFs grenseutviding:

«Som helsepolitiker mener jeg det er viktig at vi ikke rokker ved en lov som har fungert godt i 40 år. Jeg mener vi ikke bør heve grensen for selvbestemt abort til 18 uker i Norge», sa ho til Vårt Land fredag.

Nedgang

Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, og dei fall endå meir i 2017. Dette skuldast ein markant nedgang i talet på uønskte svangerskap blant kvinner under 25 år. Nedgangen er nesten like stor blant dei mellom 20 og 24 år som for 15–19-åringar.

Overlege Mette Løkeland i Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet opplyser at ungdomskulla etter 2006 er blitt betre på å verne seg mot uønskte svangerskap, mellom anna har ein sett ein endra prevensjonsbruk. Dei tek den åtferda med seg inn i vaksenlivet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter