Kirke

Forsvaret lyser ut ny stilling som felthumanist - søker også feltprestar frå frikyrkjer

Behov gjer at Forsvaret leiter etter ny felthumanist. – Vi ønsker også nye feltprestar frå andre trussamfunn for å spegle det kristne mangfaldet, fortel nestkommanderande i Forsvarets tros- og livssynskorps.

Feltprestanes sitt monopol i Forsvaret var i 2017 ved vegs ende. I fleire år hadde soldatar i Forsvaret etterlyst alternativ til feltpresten. Det førte til at det i januar 2017 blei tilsett dei første alternativa til feltpresten: ein felthumanist og ein feltimam.

Forsvaret lyser no ut ei ny stilling som felthumanist.

– Etter fleire år med systematisk arbeid har dette absolutt vore ein suksess, og vi ser trongen for ein felthumanist til, fortel nestkommanderande i Forsvarets trus- og livssynskorps Nils Terje Lunde.

Set det som ei naturleg utvikling

Frå å utelukkande ha 52 feltprestar under namnet Feltprestkorpset, skifta fellesinstitusjonen i 2019 namn til Forsvarets tros- og livssynskorps, etter å ha fått ein humanist og ein imam med på laget. Lunde tenker det er ei naturleg utvikling.

– Vår funksjon er jo å legge til rette for at personell i Forsvaret skal få høve til å utøve si tru og livssyn. Desse stillingane har blitt integrert og det skjer gjensidig læring frå alle sider, seier han.

Ikkje alle ønska endringane velkomne frå byrjinga.

– Det var fleire internt, men også i sivilsamfunnet, som uttrykte skepsis for ei slik endring. Samarbeidet har likevel vist at vi har lukkast. Eg trur vi som feltprestar også har blitt sikrare på vår eigen tradisjon med dette, fortel han.

– Eg opplever at eg tidvis ikkje strekker til

Pioneren som felthumanist i Forsvaret er Ida Helene Henriksen. Ho tilredde i 2017 og kan også fortelje om eit behov for fleire felthumanistar.

– Eg opplever at eg tidvis ikkje strekker til over heile landet. Forsvaret har trong for ein til, seier ho.

Bakgrunnen hennar er frå filosofi og etikk. Ho stadfestar at det i byrjinga var fleire som var skeptiske til at ho og feltimamen kom inn i eit felt som utelukkande var prega av prestar.

- Responsen var av heile spekteret; frå dei som ønska forandringa velkomen og dei som var redde og skeptiske. Likevel opplevde eg å bli tatt godt imot og å vere ein del av gjengen, seier ho.

Har eksistensielle samtaler

Arbeidet hennar handlar hovudsakleg om å vere samtalepartnar, om å tilby eksistensielle og etiske samtaler med kadettar, vernepliktige og andre tilsette, seier ho.

- Det kan tematisk handla om spørsmål som: Kven vil eg vere, kva vil det seie å vere moralsk ansvarleg ovenfor noko - om skuld, skam, leiarskap og sårbarheit. Vi sit ikkje med svar eller skal fikse ting, men heller vere der og bygge trygge relasjonar, fortel Henriksen.

Andre oppgåver handlar om å setje etikk sentralt i Forsvaret, og det seremonielle - altså om å gjere plass til eit humanistisk livssyn i ritane som går føre seg.

- Markeringane handlar om å minne om at vi er noko meir enn den enkelte. Markeringane er særs viktige for å minne om kor avhengige vi er av kvarandre, fortel ho.

Spegle mangfaldet

Lunde fortel at dei ikkje har høve til å spegle alle ulike livssyn i Forsvarets tro- og livssynskorps. Om det er trong for andre livssynspersonar må dei hentast frå sivilt hald, seier han.

I dag er alle feltprestane knytt til Den norske kyrkja. Dei jobbar no med å få inn feltprestar frå andre kristne trussamfunn, for å spegle det kristne mangfaldet.

- Først og fremst er det snakk om katolske feltprestar. I dag har Den katolske kyrkja ikkje hatt høve til å ha nokon i heiltidsstilling, men det er to katolske feltprestar i Heimevernet. Det vil også vere naturleg å få inn feltprestar frå protestantiske frikyrkjer, fortel han.

- Kan det resultere i oppsplitting internt i Forsvaret?

- Nei. Vi har ei gjensidig forståing, slik at det ikkje blir til nokon kamparena. Trus og livssyn i forsvaret må ha eit felles fokus på at soldatane er i sentrum, seier han.

Eit breiare tilbod til personalet vil styrka institusjonen, ifølge Lunde.

- Slagordet blant oss alle er at vi betener eigne, legger til rette for andre og skal vise omsorg for alle, seier han.

LES MER:

Feltprester kan få mer ansvar

Her er den første feltimamen og felthumanisten

Over 160 av ansatte og vernepliktige i Forsvaret sier de har blitt voldtatt eller forsøkt voldtatt det seneste året

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke