Nyheter

Foreldre nektar elev skuletur

Turkomité stengjer ute 15-åring. Ikkje vårt ansvar, svarer kommunen og skuleleiinga.

Denne veka er 140 elevar frå Klepp ungdomsskule i Rogaland på tematur til Polen. Turen er ikkje i regi av skulen, men er organisert av ein turkomité med foreldre, slik tradisjonen er på jærskulen.

Men éin 15 år gammal gut får ikkje vera med, har komitéen bestemt, melder Jærbladet. Foreldrekomitéen seier eleven ikkje har klart å følgja skulen godt nok til å få bli med på tematuren til Polen.

Rein utestenging og mobbing, meiner foreldra hans:

– Det er heilt frykteleg, eg er heilt knekt. Får vondt i magen av å tenkja på det, og kan knapt førestilla meg korleis han (sonen) har det. Dette er rein mobbing. Vaksne personar som utestengjer og mobbar ein ung gut. Sonen vår har sine problem, og så skal han oppleva dette i tillegg, seier mora til guten til lokalavisa.

LES OGSÅ: Lærere skal avdekke barn som får juling

Kommunen tek ikkje stilling

Foreldra kontakta skuleleiinga og den politiske leiinga i Klepp kommune, men møtte leiarar som vrei seg unna, fortel Jærbladet. Rektor Marit Sørensen ved Klepp ungdomsskule, skulesjef Trond Roy Pedersen og ordførar Ane Mari Braut Nese har nesten likelydande svar:

Ettersom arrangementet ikkje er i skuletida og heller ikkje er i regi av skulen, kan dei ikkje leggja seg opp i eller meina noko om det.

Følg oss på Facebook og Twitter!

«Ikke en ferietur»

I ein epost frå turkomiteen til foreldra blir utestenginga av 15-åringen mellom anna forklart med at guten ikkje har «å følge skolen sist skoleår og at det er flere instanser inne i forhold til (namn på guten)». Foreldra seier til Jærbladet at støttekontakten til sonen skulle vore med, så han ville klart å gjennomføre turen.

LES OGSÅ: – Vis Muhammed-karikaturene i skolen

Nektar å kommentere

Turkomitéleiar Anne Kristine Bræin vil ikkje svare på spørsmål om saka. Til Jærbladet seier ho:

– Når det gjeld denne saka, har me bestemt at me ikkje vil gi noko kommentar til media i det heile tatt.

LES OGSÅ: Hun ble forsøkt voldtatt på skoleveien

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter