Nyheter

Følgjer val­thriller på avstand

For mange nordmenn er dagen i dag ein skjebnedag. Det er val i eitt av verdas mest folkerike land. ­Korrupsjon og innblanding frå ­militæret er dei store sakene.

– Det her er eit sirkus ass! På ein måte gler eg meg til det er over, seier Ilyas Ali.

Han sit i TV-stova med fjernkontrollen i handa og skiftar mellom fleire pakistanske ­nyhendekanalar. Han stoppar på ein kanal der tre menn i eit fargerikt TV-studio snakkar urdu. Det er i innspurten av det ­pakistanske valet, og TV-kanalane analyserer valkampen døgnet rundt.

– ­Denne ­kanalen synest eg er mest ­balansert. Ulike kanalar støttar ulike sider, så vi må sjå litt av alle for å få oversikt.

Saman med kona Robena Ali har dei følgt nøye med på dei ­pakistanske nyhendene frå ­sofaen i Skedsmo på Romerike. Det er dei ikkje åleine om. ­Nesten 40.000 nordmenn er fødde i ­Pakistan, eller har foreldre som er fødde i Pakistan.

– Vi var ikkje så interessert i pakistanske val før, men no er vi mykje meir interessert. Vi har blitt eldre og har meir tid til å reise til Pakistan, så no følgjer vi meir med, seier Robena.

LES MEIR: Pakistan: Slår hardt ned på journalistikk

Uroleg

I Norge har vi høyrt om ein uroleg periode i Pakistan framfor valet. Totalt har over 170 personar døydd etter ulike åtak mot valkamparrangement, og vald i samband med valkampen.

13. juli vart den norske journalisten Kadafi Zaman arrestert av pakistansk politi då han dekka ein politisk demonstrasjon som var til støtte for den tidlegare statsministeren Nawaz Sharif, som er dømt til ti år i fengsel for korrupsjon.

Støttespelarane til Sharif ­meiner at dommen mot han er politisk motivert og at ­militæret og domstolane ønskjer å ­skade valkampen til partiet Pakistan Muslim League-Nawaz ­(PML-N), som no er leia av bror hans ­Shehbaz Sharif. Fleire ­aktivistar og kommentatorar har kalla denne valkampen for ein av dei skitnaste nokon gong.

– Det har alltid vore uroleg framfor val i Pakistan, for det er sterke motsetnader og hard ­retorikk. Det er også farleg å ­drive valkamp, i år har fleire politikarar blitt drepne, seier Kadafi Zaman.

Han er den einaste ­norske ­journalisten som har vore i ­Pakistan framfor dette valet, og det han har sett har ikkje overtydd han om at det blir eit fritt val.

– Det er restriksjonar mot å drive valkamp, og journalistar blir knebla og instruert til å ikkje rapportere kritisk om militæret og domstolane, seier Zaman, som no er tilbake i Norge etter at TV 2 ba han reise heim for å vera trygg.

LES MEIR: Fundamentalistar stiller til val i Pakistan

Ikkje kaos

Shoaib Sultan er ­einig i at det ikkje er ein optimal ­situasjon framfor valet, men ­meiner ikkje at det er kaos i landet.

– Det er noko uro, det har vore tre-fire hendingar på kort tid, og den tidlegare statsministeren sit i fengsel for korrupsjon. Utanom det er det heldigvis roleg, seier.

Han arbeider i Antirasistisk senter og sit i bystyret i Oslo for Miljøpartiet de grønne (MDG), men understrekar at når han snakkar om pakistansk politikk er det berre på vegne av seg sjølv.

Situasjonen som blir skildra verkar kanskje ikkje som eit godt grunnlag for eit ryddig politisk val. Men det var verre sist gang, ifølgje Sultan.

– I 2013 var det nok ein del juks, men det har kome fleire nye lover etter det. Det er framleis mange utfordringar med dette valet, men eg trur det handlar meir om kunnskapsløyse enn om juks, seier han.

LES MEIR: Minister måtte gå av etter blasfemistrid

Synet frå utsida

Kampen om røystene vil stå i Punjab, som er den mest folkerike regionen i ­Pakistan, og provinsen dei ­fleste norsk-pakistanarar har bakgrunn frå. Det er her tidlegare statsminister Nawaz Sharif og partiet hans har sin veljarbase.

Folk på landsbygda støttar stort sett Sharif, men ­slektningar som bur i utlandet støttar ­
derimot ­rivalen, Imran Khan.

– Han snakkar om anti­korrupsjon, rettferd og velferd. Vi her i Norge liker det han står for, og han er den einaste kandidaten som har gitt politiske lovnadar. Dersom han kan innfri 20 prosent av det han lover, vil det vere eit løft for Pakistan, seier Ilyas Ali.

Imran Khan vart ein folkehelt i 1992. Han var kaptein for ­cricket-landslaget då Pakistan vann sitt første, og fram til no einaste 
VM-gull i cricket. Etterkvart har han blitt ein populær opposisjons­politikar med kampen mot ­korrupsjon som fanesak.

– Dei siste 30 åra er det stort sett PLM-N og PPP som har byta på å ha makta. Dei er ­begge ­kjende for korrupsjon og har spist mykje pengar. Eg trur ikkje dei kan gjere det noko betre ­denne gongen, seier Ilyas.

Asfalt og gass

Robena og ­Ilyas har ikkje røysterett i valet, så dei gjer det dei kan for å påverke ­vener og kjende på landsbygda i Punjab.

– I min familie støttar alle ­Sharif. Vi snakkar med dei om kvifor vi meiner det er ­problematisk, men dei bryr seg ikkje om det, seier Robena.

– Dei har nyleg fått asfalt på landevegen og tilgong på gass. Det er dei veldig glade for, og då bryr dei seg ikkje om at stats­ministeren er korrupt, seier Ilyas.

For i Pakistan er det meir enn dei gode argumenta som avgjer eit val.

– Heile familien røyster saman på det same partiet, og folk viser med flagg og musikk kven dei støttar, for å påverke andre. Her i Norge går eg stille og roleg og røyster, og eg seier ikkje noko til han eingong, seier Robena og ler medan ho nikker mot ektemannen.

Jamt val

Det har ikkje vore mogleg å sjå på meinings­målingar kva som kan bli ­resultatet etter dagens val, og det kan bli så jamt at den neste statsministeren blir avhengig av ein koalisjon for å kunne styre.

Robena Ali har trua på at hennar kandidat kan få fleir­talet han treng.

– Magekjensla seier Imran Khan, og eg håper den har rett.

mattias.bergset@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter