Flukt gir usynlege skadar
Folk som blir tvungne på flukt ber med seg store vanskar som det ikkje er lett å oppdage. I Libanon har om lag 7 av 10 i flyktningleirar psykiske problem.
I Libanon er det no over ein million syriske flyktningar, og det er lite ressursar til å behandle psykiske lidingar. Her leikar syriske barn i ein flyktningleir i Arsal i Libanon, nær grensa til Syria.
Hussein Malla
– Flyktningleirar er kanskje dei stadane der det er mest psykiske lidingar. Og dei får ikkje behandling for lidingane i det heile tatt, seier Arne Holte, som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.
Over 68 millionar menneske er på flukt i verda i dag, og behova for mat og medisinar er store.
Eit problem som ikkje kjem så mykje fram er dei psykiske lidingane som råkar både vaksne og barn som er på flukt. I flyktningleirar over heile verda har store delar av innbyggjarane psykiske lidingar.
Bestill abonnement her
KJØP