Nyheter

Flukt gir usynlege skadar

Folk som blir tvungne på flukt ber med seg store vanskar som det ikkje er lett å oppdage. I Libanon har om lag 7 av 10 i flyktningleirar psykiske problem.

– Flyktningleirar er kanskje dei stadane der det er mest psykiske lidingar. Og dei får ikkje behandling for lidingane i det heile tatt, seier Arne Holte, som er professor emeritus ved Universitetet i Oslo.

Over 68 millionar menneske er på flukt i verda i dag, og behova for mat og medisinar er store.

Eit problem som ikkje kjem så mykje fram er dei psykiske lidingane som råkar både vaksne og barn som er på flukt. I flyktningleirar over heile verda har store delar av innbyggjarane psykiske lidingar.

LES MEIR: Sparer asyl-millionar, gir kun litt til flyktningar

Store konsekvensar

I Norge har ein eit behandlingsapparat med psykologar og psykiatrar som kan behandle psykiske lidingar over tid. Dette er sjeldan i flyktningleirar.

– Der er det nesten ikkje behandlingspersonell for dette. Der blir ofte lært opp behandlarar som kan gi enkel terapi, men mange har omfattande angstlidingar som treng omfattande behandling, som det ikkje er mogleg å gi dei, seier professoren.

Når det er mange med alvorlege psykiske problem i leirane som ikkje får hjelp, får det store konsekvensar for dei som er ramma.

– For nokon ender det i sjølvmord, for andre betyr det at dei har det forferdeleg over lang tid i ein elles krevjande situasjon. Ein mister meining i livet og sit berre stille, seier Holte.

LES MEIR: Flyktar ikkje til Europa – blir gløymt

Rammar barn

Han viser til ein flyktningleir i eit grenseområde mellom Pakistan og Afghanistan, der 91 prosent av kvinnene med omsorg for små barn hadde sjølvmordstankar.

– Det er eit uttrykk for fortvilinga som rår i flyktningleirar, og det er eit uttrykk for desperasjonen i deira situasjonar, seier Holte.

I tillegg til enkeltpersonar og familiar, har det store omfanget konsekvensar for heile samfunnet, meiner Redd Barna.

– Det er eit kjempeproblem for samtida, for dette er nye generasjonar som skal bli vaksne og ansvarlege når krigen er over. Barn kan bli friske fort viss dei kan få god hjelp, men i flyktningleirar med lite ressursar er det vanskeleg, seier Line Hegna, kommunikasjonssjef i Redd Barna.

Umenneskeleg

I Libanon er det no over éin million syriske flyktningar, og mange av dei bur i leirar. Solfrid Raknes forskar på førebygging av angst, og har vore mykje i flyktningleirar i Libanon det siste året.

Ho har anslag som viser at 70 prosent av dei som bur i desse leirane har posttraumatiske stresslidingar, og det er òg mange som har problem med depresjon og angst. Også ein stor del av barna har det.

– Mange har sett makabre ting, nokre har blitt torturert. Situasjonen er umenneskeleg, mange har lite håp om å kome heim igjen, og dei får ikkje arbeide eller gi barna sine det dei treng, seier ho.

LES MEIR: Åtvarer mot supertuberkulose

Alternativ

Ho meiner det ikkje er mogleg å kunne gi flyktningar her hjelp som liknar på samtaleterapi, slik ein får tilbod om i Norge. Difor prøver dei heller å jobbe førebyggande.

– Det er eit stort gap mellom hjelpebehova og kva som finst av tilgjengelige hjelpetiltak. Difor må vi prioritere. Det beste vi kan gjere er å jobbe førebyggande og å gi barna eit skuletilbod. Då kan dei konsentrere seg om noko positivt, seier Raknes.

Denne tilnærminga jobbar også Redd Barna etter.

– Vi tenker ofte på mat og medisinar når vi snakkar om naudhjelp. Men skulegang gir barna tryggleik og der får vi tilgang til å hjelpe barna, seier Line Hegna.

Men det er veldig mange som ikkje kan gå på skule. Jo eldre ungdomar blir, dess færre av dei går på skule, fordi dei etterkvart får mange andre forpliktingar.

– Det viktigaste er å endre på situasjonane deira i flyktningleirane. Når folk har noko å leve for, vil mange få det mykje betre, seier Raknes.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter