Nyheter

‘Flaggdebatten er oppkonstruert’

Shoaib Sultan forstår ikkje kvifor det blir diskusjonar om flagg i mai kvart år.

– Debatten har ikkje rot i verkelegheita. Den kjem opp kvart år og handlar om krisemaksimerende utsagn. Men realiteten er at det er berre norske flagg ein ser på 17. mai, seier Shoaib Sultan, bystyrerepresentant i Oslo, for Miljøpartiet Dei Grøne.

Debatten om kva flagg ein kan flagge med på 17. mai, er ei sak som kvart år kjem opp når nasjonaldagen nærmar seg. I år har ei flaggkonflikt i 17. mai-komiteen i Larvik blitt nasjonale nyhende.

I tillegg har enkelte nettstader spreidd falske nyhende om at ein risikerer 4.500 kroner i bot for å vifte med andre flagg enn det norske, på 17. mai.

Ikkje-problem

Shoaib Sultan har vore medlem av 17. mai-komiteen i Oslo i mange år, og har aldri opplevd situasjonar med utanlandske flagg. Komiteen har heller ikkje fått førespurnader frå nokon som har ønskt å flagge med andre flagg enn det norske.

Han meiner derimot at minoritetsmiljø ikkje ønskjer å bruke flagg frå andre land på 17. mai.

– Der vi har sett andre land sine flagg, er det fordi nokon vil inkludere minoritetar – eg kjenner ikkje til at minoritetane sjølve ønskjer å bruke andre flagg, seier han.

Skule-påfunn

Eit døme på dette er frå 2013, der ein barneskule i Ålesund skapte ein stor, nasjonal flaggdebatt. Skulen ønskte at elevane skulle få lage sine eigne flagg, frå landa dei sjølve hadde bakgrunn frå.

Det var tilsette på skulen som ønskte å ha med mange ulike flagg i toget det året, forklarer Catherine Drevik Ekrem, som er leiar i 17. mai-komiteen i Ålesund.

– Eg oppfatta aldri at det var elevar med bakgrunn frå andre land, og heller ikkje foreldra deira, som ville lage andre flagg. Det var skulen som ville feire på denne måten, seier Drevik Ekrem.

Vil flagge norsk

Ho er sjølv lærar på ein fleirkulturell ungdomsskule i byen, og opplever ikkje at elevar vil flagge med andre flagg på 17. mai.

– Dei går gjerne i sine eigne nasjonaldrakter, og vil gjerne feire dagen, men dei har ikkje behov for å ha med deira eigne flagg. Men hadde dei ønskt det, hadde eg latt dei få lov til det, sjølvsagt, seier ho.

17. mai-komiteen i Ålesund har ikkje hatt nokre førespurnader om å bruke andre flagg, sidan initiativet i 2013.

Misforstått integrering

Shoaib Sultan meiner det kan vere problematisk dersom skular oppfordrar barn med utanlandsk bakgrunn til å bruke utanlandske flagg. Sjølv om det kan vere gode intensjonar, kan det fort misforståast og bli feil, meiner han.

– Det er problematisk, for det kan ende opp med å bli framandgjerande – i staden for positivt. Det gir et inntrykk av at folk med anna bakgrunn ikkje kan flagge norske flagg, og det er uheldig, seier Sultan.

Han meiner sjølv at det er best å bruke norske flagg på den norske nasjonaldagen.

Norske verdiar

Sultan seier at nokon kvart år kjem med utspel om at kun det norske flagget skal vere lov på 17. mai. Éin av desse er Kristian Eilertsen i Harstad Frp, som meiner at utanlandske flagg bør bli forbode på 17. mai.

– I Harstad har eg ikkje registrert utanlandske flagg som eit problem, seier han.

Men utspelet hans om forbod mot utanlandske flagg, kom etter at 17. mai-komiteen hadde ønskt ulike flagg velkomne. Han meiner at dette blir ein debatt kvart år fordi folk flest er bekymra for at våre verdiar og symbol må gje plass til andre.

– Vi liker å vere rause, men 17. mai er feil dag å gi plass til andre flagg. Det finst 364 andre dagar der ein kan flagge med alle moglege flagg, seier Eilertsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter