Fjernar sperrer for samlivshjelp
Par som møter familievernet på helsestasjonen, får samlivshjelp dei truleg ikkje hadde spurt om. Prøveprosjekt har gode resultat.
Eit ungt par er svært glade for samlivssamtalane dei har med psykologspesialist Stine Morris Haslund (raud jakke) på familievernkontoret på Lillestrøm. Barne- og familieminister Solveig Horne (Frp) og Kari Kjønaas Kjos (Frp), leiar i Stortingets helsekomité, lyttar med interesse.
Erlend Berge
– Eg trudde familievernet var skilsmissehjelp, seier ung far.
Stemninga på samtalerommet er lettare nervøs. I terapisofaen sit eit ungt par, med kvar sin papirhandleboks innan rekkjevidde. Men dei unge foreldra, som har ein son på drygt eitt år, er ikkje på familievernkontoret på Lillestrøm fordi samlivet deira er herja av kriser, så papir blir ikkje vått.
Dei er her fordi dei takka ja til eit uvanleg tilbod frå helsestasjonen for eit år sidan. Dei er her fordi familievernkontoret på Lillestrøm tok initiativ til eit prosjekt, som seinare blei spreidd til fire kommunar, ein i kvar av dei fire andre regionane i Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat): Fordi alle småbarnsforeldre må på helsestasjonen med den vesle, flyttar familievernkontoret til helsestasjonen for å gjere tilbodet om samlivshjelp betre kjent.
Bestill abonnement her
KJØP