Nyheter

Fjernar forbod mot frivilligjobb

Jens Rodriguez Jensen vonar innsatsen på sykkelverkstaden til Røde Kors skal gje han jobb. No får han og 145.000 andre mottakarar av arbeidsavklaringspengar hjelp av arbeidsministeren.

– Draumen? Det er fast jobb på ein sykkelverkstad, seier Jensen, og trillar fram ein sykkel som skal få ein vedlikehaldssjekk.

– Kva hadde du gjort om du ikkje hadde jobba her?

– Då hadde eg sete heime - og gjort ingenting, eller fylt dagane med dataspeling, vedgår Jensen.

No jobbar han heller seks dagar i veka på Red Bike, ein dag meir enn normalt. For som han seier, «det er så moro å jobbe». Røde Kors driv sykkelverkstaden i Oslo, og overskotet blir trødd inn Nettverk etter soning, eit tilbod for dei som vil ut av kriminalitet etter soning i fengsel eller anna straff.

LES MEIR Må søkje NAV om støtte til gravferd

Sikre inntekt

145.000 nordmenn i arbeidsfør alder står på utsida av arbeidslivet, og får arbeidsavklaringspengar kvar månad frå NAV. Pengane sikrar mottakarane inntekt i periodar der dei på grunn av sjukdom eller skade har bruk for hjelp frå NAV for å kome i arbeid.

For å få arbeidsavklaringspengar må arbeidsevna til mottakaren vere redusert med minst 50 prosent. I dag kan NAV-støtta maksimalt brukast i fire år. Stortinget har vedteke å kutte perioden med eitt år.

Mange unge

Når arbeidsminister Anniken Hauglie (H) studerer oppdateringane frå NAV, er det to grupper som uroar henne særleg:

• I aldersgruppa 18-29 år får nesten 30.000 arbeidsavklaringspengar.

• Psykiske lidingar er det største problemet for dei som får arbeidsavklaringspengar. Heile 60.000 har ein diagnose, som spenner frå «lettare psykiske lidingar» til «angst- og depressive lidingar».

For lenge

No vil arbeidsministeren ha fleire i arbeid, raskare. No skal mottakarar av arbeidsavklaringspengar få lov til å jobbe i frivillige organisasjonar, akkurat slik Jens Rodriguez Jensen gjer.

– Vi må få ned talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Alt for mange blir gåande alt for lenge på denne stønadstypen, fortel Hauglie, på gjesting i sykkelverkstaden litt nord i Oslo.

Med seg har ho ei politisk endring av regelverket for arbeidsavklaringspengar. Ei statleg forskrift seier i dag bestemt nei til at deltaking i aktivitet i regi av frivillige organisasjonar kan bli godkjent som arbeidsretta tiltak. NAV krev som hovudregel at mottakarane deltek i eit arbeidsretta tiltak hjå ein offentleg eller privat arbeidsgjevar.

– Forskrifta skal bli endra. No skal mottakarane av arbeidsavklaringspengar få høve til å arbeide i ein frivillig organisasjon, forklarar Hauglie.

LES MEIR Statsrådar ber om Guds hjelp

Bli skattebetalarar

Med endringa av forskrifta opnar Høgre-statsråden ein ny veg tilbake til jobb for mange av dei 145.000.

– Er dette ei opning for alle typar frivillige organisasjonar?

– Ja, men det må vere seriøse arbeidstilbod som blir bydd dei som går på arbeidsavklaringspengar. Jobben skal vere med på å føre dei tilbake til vanleg lønna arbeid. For målet er at dei skal klare å forsørgje seg sjølve og bli skattebetalarar.

Tala stig

Arbeidsminister Hauglie er også trygdeminister. For kvar person ho får over frå arbeidsavklaringspengar til arbeid, vil staten spare store summar.

– Ein ung person som ikkje har fullført vidaregåande, og som endar på uføretrygd kostar samfunnet rundt 15 millionar kroner fram til pensjonsalder, opplyser statsråden.

Tal frå NAV viser at talet på unge som blir uføretrygda på grunn av psykiske lidingar, stig. Tendensen er den same for unge som går over på arbeidsavklaringspengar. Drygt 60 prosent av unge nye uføretrygda har ein psykisk diagnose. Berre det siste året har talet på unge uføretrygda gått opp med ti prosent.

Får arbeidstakarar

På tampen av stortingsperioden har Solberg-regjeringa starta arbeidet med ei ny frivilligmelding, eit arbeid kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) held i.

Ministerkollega Hauglie meiner forskriftsendringa blir svært viktig for frivillignorge. For Norges mange organisasjonar vil få tilgong på menn og kvinner som kan yte det Hauglie omtalar som «samfunnsnyttig innsats».

Fast jobb

Generalsekretær Bernt Apeland i Norges Røde Kors helsar forskriftsendringa velkomen. Han trur mange av dei som i dag får arbeidsavklaringspengar lettare kan vende tilbake til arbeidslivet om dei får starte i ein frivillig organisasjon.

På sykkelverkstaden Red Bike fortel Øyvind Tomter, som er prosjektleiar for arbeid i Nettverk etter soning, at dei som står på og leverer det som blir avtalt, trillar vidare til jobbar i sykkelbransjen.

– Nå i sommar fekk til dømes ein som starta her fast jobb på ein sykkelverkstad.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter