Nyheter

Fekk opphald etter kyrkjeasyl

Dei siste som kom ut av kyrkjeasyl, fekk opphald eller lovnad om fornya behandling av asylsøknad.

I dag sit ingen i kyrkjeasyl – så langt Vårt Land veit om.

Dei siste kyrkjeasyla blei avslutta i mars. Då gjekk asylsøkjarar ut av Rypefjord kyrkje i Finnmark og ut av pinseforsamlinga Filadelfia i Askim i Østfold.

Eit iransk ektepar kom til Norge i 2011 saman med eitt barn. I Norge fekk dei to til. ­Familien fekk avslag på søknaden om asyl – og beskjed om å returnere til heimlandet. Ekteparet nekta, og gjekk i kyrkje-asyl i Filadelfia i Askim i 2014.

To år seinare, i mars i år, kunne familien gå ut i friluft utan å vere redde for å bli arresterte av politiet. Dei fekk mellombels opphald i Norge medan utlendingsforvaltninga behandla asylsøknaden ein gong til.

– Filadelfiaforsamlinga har redda liva våre, og vi kjenner at forsamlinga er ein del av familien vår, fortel Atia Azarion og Schwan Zahedzadeh til Smaalenenes Avis.

LES MEIR Slik avslutta Danmark kyrkjeasylsordninga

Tre månader

I desember valde åtte syrarar å søkje løynd i Rypefjord kyrkje i Hammerfest kommune. Dei to familiane­ kom til Norge frå Russland over Storskog. Utlendingsstyresmaktene ville ikkje behandle asylsøknadane deira då dei kom frå Russland. I frykt for å bli returnert til Russland valde dei kyrkjeasyl.

Tre månader seinare reiste syrarane frå kyrkja og til eit mottak i Hammerfest. Dei gjekk ut av kyrkja fordi asylsøknaden likevel skulle bli behandla her i landet.

Filadelfiaforsamlinga har redda liva våre, og vi kjenner at forsamlinga er ein del av familien vår.

Fekk opphald

I oktober kom ein syrisk trebarnsfamilie til Norge. Også dei over Storskog frå Russland. Etter ei tid i Troms blei dei flytta til eit senter i Kirkenes for dei skulle deporterast til Russland. I januar prøvde lokale aktivistar i Kirkenes å hjelpe familien til å flykte til Kirkenes kyrkje. Men dei blei pågripne av politiet.

Med god hjelp frå advokat fekk familien likevel behandla asylsøknaden i Norge. I august fekk dei beskjed: De får permanent opphald.

Seks år

Dei som har vore lengst i kyrkjeasyl dei siste åra, eit søskenpar frå Russland, fekk opphald i fjor etter seks år i Pinsekirken i Stokmarknes i Nordland.

Søskenparet kom til Norge i 2007. Han søkte asyl fordi han lir av ein ulækjeleg sjukdom. Søstera var med som brorens støtte. I frykt for å bli sendt heim, gjekk dei i kyrkjeasyl i 2009.

I mai i fjor fekk søskenparet mellombels opphald.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter