Nyheter

Fattige i Noreg: Eldre har ikkje råd til nye klede

Medan Norges rikaste aukar formuen, bur ein av fem i ein husstand som ikkje har pengar til ei utgift som kjem brått og overraskande.

Statistisk sentralbyrå (SSB) klaskar to rapportar i bordet som viser at Norges 5,3 millionar innbyggjarar lever under svært ulike økonomiske kår:

Få eig meir. I 2018 eigde dei ti prosent rikaste 58 prosent av den private formuen i Norge. Den same gruppa eigde 46 prosent av den private formuen i 2005.

Mange har ikkje pengar i bakhand. Nesten ein av fem, 19 prosent, bur i ein husstand som ikkje har sparepengar nok til å betale ei utgift som kjem brått på; kjøpe ny vaskemaskin eller komfyr.

LES MEIR: Fattige barn tynges som voksne

Store skilnadar

Då Solberg-regjeringa i mars la fram ei stortingsmelding om fordeling og sosial bærekraft – Muligheter for alle – roste finansminister Siv Jensen (Frp) det norske samfunnet: «Regjeringen vil fortsette å føre en politikk som bevarer et samfunn med høy levestandard og små forskjeller, og som gir muligheter for alle.»

Sterk kjøpekraft

70 dagar seinare, altså i går, skriv Dagens Næringslivs magasin D2 at nordmenn har økonomisk høve til å følgje to trendar:

Menn og kvinner med kjøpekraft er trøtte av ting - møbel- og interiørdesignarar lagar færre ting, men av god kvalitet, for å dra ned forbrukstempoet.

Klesdesignarar lagar tekstilar som har kvalitet til å vare livet ut, men dei ber prislappar frå øvre sjikt.

Levekårsundersøking

Kontrasten mellom dei som har kjøpekraft, og kan velje ein meir levedyktig livsstil, og dei som har minst, er svært synleg i SSBs siste levekårsundersøking. Her blir Norges fattigdomsproblem avdekte. Byrået har sett på den økonomiske kvardagen til alle over 16 år:

6 prosent bur i ei hushaldning som har vanskeleg eller svært vanskeleg å få endane til å møtast.

5 prosent bur i ein husstand med minst eitt betalingsproblem.

4 prosent har ikkje råd til å gå til tannlege.

3 prosent har ikkje råd til å skifte ut utslitne klede.

13 prosent manglar minst eitt materielt gode (sjå opplisting lenger ned).

6 prosent har ikkje råd til ei veke ferie i løpet av året.

4 prosent har ikkje råd til å delta i faste fritidsaktivitetar.

9 prosent manglar minst eitt sosialt gode; ferie, fritidsaktivitetar, cafe-/restaurantbesøk.

Sosialt liv

To grupper med låg kjøpekraft har store økonomiske utfordringar i kvardagen.

– Par med barn og låg inntekt og einslege forsørgjarar er mellom gruppene som har størst problem med uforutsette utgifter og må avstå frå sosiale aktivitetar grunna dårleg økonomi. Det er også i desse gruppene flest ikkje har råd til ferie, skriv levekårsforskar Lene Sandvik på ssb.no.

LES MEIR: Innvandrer til fattigdom

Middagsmeny

Levekårsundersøkinga fortel at ein av fire barnefamiliar med låg inntekt slit.

– Dei aller fleste har råd til å halde bustaden sin passe varm, og alle har råd til internett. Men ikkje alle har råd til alle grunnleggjande gode, skriv Sandvik.

Dette betyr at dei manglar minst eitt av desse materielle goda: Ikkje råd til å halde bustaden passe varm, ikkje råd til å ete kjøtt og fisk annakvar dag, ikkje råd til å erstatte utslitne klede, ikkje råd til å gå til tannlege, ikkje råd til å byte ut utslitne møblar og ikkje råd til å disponere privatbil.

Vanskelege kvardagar

Kvar femte barnefamilie med låg inntekt opplever at det er vanskeleg eller svært vanskelig å få endane til å møtast. Tilsvarande tal for befolkninga som heilskap, er seks prosent.

På toppen av skalaen har dei ti prosent rikaste hushaldningane i snitt ein nettoformue på 14,4 millionar kroner.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter