Nyheter

Får ikkje fritak frå homofiliundervisning

Foreldra til ein elev ved Forsand skule i Ryfylke søkte om fritak frå RLE-timane når tema er homofili og surrogati. Men kommunen seier nei.

Foreldra til eleven søkte om fritak frå undervisning av samvitsgrunnar på bakgrunn av livssyn. I sakspapira kjem det også fram at foreldra har lite tillit til den involverte læraren, sidan han er homofilt samlevande.

Rektor ved Forsand skule, Ingunn Varhaug, avslo søknaden i februar i år, der ho peika på at det ikkje er heimel i opplæringslova for eit slikt fritak. Denne avgjersla klaga foreldra på.

LES OGSÅ: Ber om fritak fra undervisning om homofili og surrogati

Fleirtal for avslag

Det var denne klagen Forsand kommunes klagenemnd vurderte måndag. To av tre medlemmar stemte for å avslå klagen. Rådmannen meinte at det var lite ny informasjon i klagen som ga grunn til å endre vurdering i saka. Det blir også presisert at det ville vere vanskeleg å kome klagar i møte utan å bryte opplæringslova.

Leiar i klagenemnda, Jon Fløysvik, foreslo å ta klagen til følgje. Vårt Land har vore i kontakt med Fløysvik. Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare av omsyn til eleven det gjeld.

LES OGSÅ: Tagget «God is gay» til biskopen

Tilrettelegg undervisning

Etter den første søknaden om fritak, kom skulen foreldra i møte ved å legge til rette for noko tilpassa undervisning for eleven. Når det blir undervist i deltemaet homofili, noko som gjeld to skuletimar, får eleven eit tilrettelagt opplegg utanom klassen, i regi av faglærar.

LES OGSÅ: Biskop snur i strid rundt lesbisk prest

Fylkesmannen avgjer

Når kommunens klagenemnd avviser ein klage, blir denne klagen automatisk sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjersle. Assisterande utdanningsdirektør ved Fylkesmannen i Rogaland, Hallgeir Bø, seier det er vanskeleg å vite kor lang tid dei brukar på å behandle saka.

– Det kan ta to-tre veker, kanskje. Det kjem an på kva papir vi får. Om saka er godt opplyst, kan behandlinga gå raskt. Om vi derimot må hente inn meir informasjon, så kan det ta meir tid, seier han.

Bø har lese om saka i lokalavisa Strandbuen.

– Men det er ikkje sikkert at mediebiletet er heilt dekkande. Saka kan vere meir kompleks enn den ser ut som, seier han.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter