Nyheter

Får dele ut mat og vatn

Behovet for akutt naudhjelp er enormt i Syria, seier Flyktninghjelpen.

Nesten 300.000 menneske i ­Syria blir nådd med det aller mest naudsynte — mat, vatn, medisin — av Flyktninghjelpen og deira lokale partnarar.

– Men hadde vi fått meir ­
midlar kunne vi hjelp langt fleire, vi har ein organisasjon og eit ­distribusjonsnett som kunne handtert langt større mengder naudhjelp, seier seniorråd­gjevar Pål Nesse i Flyktninghjelpen.

– Korleis vil du skildre tilhøva inne i Syria?

– Dei er katastrofale.

– Norge er blitt spurt om å delta i krigen mot IS i Syria 
— kva meiner Flyktninghjelpen om krigsførespurnaden?

– Flyktninghjelpen har ikkje noko synspunkt på om Norge bør delta i krigen mot IS i Syria eller ikkje.

LES OGSÅ: Solgte alt de eide i Syria for å komme til Norge

Frys

Forsvarets deltaking i NATO-bombinga av Libya kosta 
361 millionar kroner.

– Kva kunne de fått av naudhjelp for ein slik sum, Nesse?

– Mykje, svært mykje, men skal eg svare utfyllande, må eg rekne på det. Men eit ullteppe kostar til dømes 50 kroner — og no kjem vinteren til regionen, og mange frys.

LES OGSÅ: Ber innvandringsministeren droppe fryktsnakket

Milliardar

Syria er ein svart flekk på vår felles samvit, ­meiner FNs nødhjelpssjef Stephen O’Brien. Etter at han kom ut frå landet etter ei rundreise, oppsummerte han tilhøva med eit ord:

– Uakseptabel.

O’Briens reknestykke viser at FN treng 28 milliardar kroner 
for å dekkje dei humanitære ­behova i 2016.

Norge har i år ytt 482 millionar til naudhjelp inne i Syria, opp­lyser Utanriksdepartementet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter