Nyheter

Få ulovlege hus blei knust

Rapport frå Israels riksrevisjon avdekkjer at mange ulovlege oppsette hus får stå.

Oslo-avtalen frå 1993 delte Vestbreidda i tre område:

• A: Avgrensa palestinsk sjølvstyre.

• B: Delt kontroll mellom Israel og palestinske sjølvstyresmakter.

• C: Framleis under israelsk sivil og militær kontroll.

LES OGSÅ: Norskstøtta busetjing skal rivast

Mange hus

No har den israelske riksrevisjonen granska den illegale husbygginga i C-området; det Israel har full kontroll med.

Ein fersk rapport avdekkjer at i perioden 1997-2013 blei det reist heile 20,086 ulovleg bygde hus i C-området. 13.481 blei bygd av palestinarar og 6.605 av israelarar. Rapporten avdekkjer også at i perioden 2008-2013 blei det bygd særleg mange ulovlege hus.

Oppdrag

Og, seier riksrevisjonen: IDF, det israelske forsvaret, har feila stort, for deira oppdrag var å rive ulovleg oppførte hus i dette området. I løpet av den undersøkte perioden blei berre 30 prosent av husa jamna med jorda. 3.813 tilhøyrde palestinarar, medan 1.807 var eigde av israelarar.

LES OGSÅ: Nekta Karmel skattefrie gåver

Kontroll

Riksrevisjonen forklarar dei manglande rivingane med dårleg tilsyn, både i palestinske og israelske landsbyar. Difor blir dei israelske styresmaktene som har kontroll med C-området på Vestbreidda, pålagt å intensivere byggjekontrollen.

Kritikk

Jerusalem Post skriv at medan venstreorienterte aktivistar og politikar skuldar styresmaktene på i C-området for ikkje å handheve byggjelovverket, skuldar høgreorienterte aktivistar og politikarar dei same styresmaktene for å la palestinarar nesten få byggje fritt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter