Nyheter

Få nettsprit i alle kommunar, men ikkje nettøl

Framstegspartiet peikar på eit paradoks. I kommunar som seier nei til nettøl er det likevel lov å få levert vin og sprit på døra. Vinmonopolet sel stadig meir via nett. Frp vil endre alkohollova.

– Lat oss få enklare reglar, seier Bård Hoksrud (Frp).

Helsepolitikaren har lang røynsle frå daglegvarehandelen. Då han blei valt inn på Stortinget var han butikksjef. Hoksrud veit kva regime som krevst for å få lov til å selje øl.

– Framstegspartiet meiner at selskapa som sel daglegvarer via nettbutikkar berre treng eit nasjonalt salsløyve for øl, slik Vinmonopolet har.

LES MEIR Nordiske naboer truer Vinmonopolet

Eitt løyve

Hoksrud seier dagens praksis er moden for revisjon:

• Vinmonopolet har lov til å selje sprit, vin og sterkøl over heile landet via nettet. Så seier alkohollova. Medan mange kundar hentar dei tinga flaskene i polets butikkar, får fleire flaskene leverte på døra, med bodbil.

• Daglegvarebutikkar kan først selje øl – som blir levert med bodbil – om dei har fått eit kommunalt løyve.

– Frp vil ha likehandsaming. Vi meiner Helsedirektoratet kan gje daglegvareselskapa på nett det nasjonale salsløyvet.

Difor arbeider Frp for å endre alkohollova, opplyser Hoksrud.

Helseminister Bent Høie (H) er open for å vurdere endringar regelverket, skriv han i eit brev til Stortinget.

Sprit på døra

Akkurat som nordmenn kjøper øl via nettbutikkane, finn stadig fleire fram til polets nettbutikk:

• 1.760.000 liter blei henta av kundane i polets butikkar.

• 363.000 liter blei henta av kundane på postkontor.

• 77.000 liter blei levert heime hjå kundane med bodbil.

Statsbedrifta sette i fjor nettrekord, ho fekk inn vel 140.000 nettbestillingar av sprit, vin og sterkøl.

Samla steig Vinmonopolets sal økte med éin prosent til 81,3 millionar vareliter i fjor, ein vekst på 830.000 vareliter frå 2015.

LES OGSÅ: Skummande strid om ølsal i nettbutikkar

Regulerte opningstider

Alle som bestiller alkohol levert på døra, med bodbil, frå anten Vinmonopolet eller nettdaglegvarebutikken, må kunne legitimere seg for å dokumentere at dei er gamle nok til å handle alkohol, og varene blir berre levert ut i opningstidene som er regulert i lovverket.

Les mer om mer disse temaene:

Dana Wanounou

Dana Wanounou

Dana Wanounou er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land. Hun har også vært nyhetsleder og debattleder i avisen. Har du tips om saker, send mail til danawano@vl.no.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter