Nyheter

Få i kyrkjeasyl

I toppåret 1993 sat 648 personar i kyrkjeasyl i Norge. 25 år seinare har eit fåtal søkt vern i kyrkjer og forsamlingslokale.

Politiaksjonen i Fitjar retta på nytt søkelyset mot kyrkjeasylinstituttet. Vårt Land har prøvd å finne ut kor mange som sit i ei kyrkje, eit bedehus eller eit forsamlingslokale som tilhøyrer eit trussamfunn.

Vi fann fem personar:

• To vaksne kvinner, mor og dotter frå eit land i Midtausten, sit i kyrkjeasyl i Bardu kapell i Troms. Kapellet tilhøyrer Bardu kyrkjelyd i Den norske kyrkja.

• Ei kvinne, med to mindreårige barn, frå Iran, sit i kyrkjeasyl i Pinsekyrkja Sion i Sandane i Sogn og Fjordane.

LES MEIR: Listhaug støttar politiaksjon

Trygge

Politiets framferd i Fitjar skaka opp dei to kvinnene som gjekk i kyrkjeasyl i Bardu kapell i byrjinga av februar.

– Vi meiner dei kan kjenne seg trygge, men ein veit jo aldri, seier pensjonert sokneprest Per Andersen til NRK Troms. Han er aktiv i Bardu kyrkjelyd, og vitjar kvinnene jamleg. Dei vågar ikkje fortelje kva land i Midtausten dei kjem frå.

Kvinnene banka på kyrkjedøra dagen før dei skulle sendast ut av landet:

– Det kom to kvinner på kontoret mitt. Dei var livredde og likbleike, og hadde ikkje sove den natta. Dei åt ikkje. Den redsla dei viste var truverdig. Dei spurte om dei kunne få asyl i kyrkja, fortel Audhild Kaarstad, sokneprest i Bardu, til NRK Troms.

LES MEIR: Politisk vern rundt kyrkjeasyl

Slitne

Kyrkjelyden sa ja, og syter no for at kvinnene får det dei treng av mat og medisin. Kor lenge kyrkjeasylet vil vare, veit ingen i Bardu. Advokatane til kvinnene har bede om ny behandling av asylavslaget, samt at fristen for utreise blir utsett. Leiar i soknerådet i Bardu, Toril Dybdal, opplyser at dei to kvinnene byrjar å bli slitne av å vere kyrkjeasyl.

Etter det Vårt Land får opplyst frå kjelder i Den norske kyrkja kjenner ein ikkje til andre kyrkjeasylantar som sit i ei kyrkje enn dei to kvinnene i Bardu.

LES MEIR: Asylsinne i Venstre

Flytta

– Vi hadde ein ung afghansk mann her for inntil nokre veker sidan, men fordi han er eit såkalla «oktoberbarn», valde han å flytte tilbake til mottaket då han fekk høve til fornya behandling av asylsøknaden, opplyser prost Kolbjørn Lystad Gunnarson i Arendal til Vårt Land.

Afghanaren gjekk i kyrkjeasyl i Trefoldighetskirken i Arendal i september i fjor.

Opphald

I november 2016 gjekk ein afghansk familie i kyrkjeasyl i Vågsbygd kyrkje i Vest-Agder. Dei hadde fått avslag på søknad om opphald, og blei ikkje trudd på at dei hadde konvertert frå islam til kristendom.

Men etter sju månadar i kyrkja som tilhøyrer Den norske kyrkja, og etter først å ha fått nei to gonger, fekk familien i fjor sommar melding om at Utlendingsnemnda hadde innvilga dei opphald i Norge.

Redde

I Sion i Sandane i Sogn og Fjordane sit ei kvinne og hennar to mindreårige born. Den vesle familien har vore i kyrkjeasyl i forsamlingslokalet sidan april i fjor. Sion tilhøyrer pinserørsla.

Familien har ein lokal kontaktperson. John Valør fortel avisa Dagen at kvinna har hatt ein del kontakt med den afghanske familien på Fitjar sidan dei alle snakkar same språk.

- Det har gått veldig inn på henne. «Kjem politiet her», spør ho meg om. Eg har sagt at ingenting vil skje her fordi Sion er eit vigsla kyrkjelydshus. Men ho går stadig bort og sjekkar at døra er låst og vindaugo er stengde, seier Valør til Dagen.

Ingen

Dei seinare åra har dei fleste som har søkt kyrkjeasyl, gått inn i bedehus eller forsamlingslokale som tilhøyrer kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja. Jan Eilert Aakre, administrasjonsleiar i Pinsebevegelsen i Norge opplyser til Vårt Land at dei ikkje kjenner til andre kyrkjeasylantar i pinseforsamlingar enn dei tre i Sion i Sandane.

Pinserørsla har vel 330 sjølvstendige forsamlingar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter