Nyheter

Erna Solberg haustar Kina-kritikk

– Alle veit at regjeringa ikkje vil møte Liu Xia dersom ho kjem til Norge, då kan dei like greitt ligge unna, seier Petter Eide (SV).

Denne veka vart kunstnaren Liu Xia lauslate frå husarrest i Kina, der ho har sete sidan ektemannen hennar Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Ho er no i Tyskland, og Den Norske Nobelkomite sa tysdag at ho er velkomen til Norge for å ta imot fredsprisen på vegne av Liu Xiaobo. Han døydde av kreft for eitt år sidan. Det er uklart om Liu Xia kjem til å godta invitasjonen frå Nobelkomiteen.

Abid Raja, visepresident på Stortinget (V), sa til Vårt Land tysdag at sjølv om fredsprisen ramma Norge økonomisk og politisk, må Norge stå opp for menneskerettane, også overfor Kina.

– Eg vil oppfordre både presidentskapet på Stortinget, som eg sjølv er ein del av, og eg vil òg oppfordre regjeringa som Venstre er del av, å møte henne dersom ho skulle kome til Norge, sa han.

LES MEIR: Meiner regjeringa må møte Liu

Avventar

Tidlegare i veka sa statsminister Erna Solberg at Liu formelt kan reise til Norge for å motta fredsprisen.

– Det er leit at ho har blitt sittande i husarrest for skuldingar retta mot mannen hennar. Men det viktigaste no er at ein faktisk har funne ei løysing, sa Solberg til NTB.

Regjeringa vil samtidig ikkje seie om dei er villige til å offisielt møte Liu dersom ho skulle reise til Norge.

«Regjeringen vil på vanlig måte ta stilling til en slik forespørsel når den eventuelt foreligger,» seier Utanriksdepartementet i ei uttale til Vårt Land.

Svaret frå Utanriksdepartementet imponerer ikkje stortingsrepresentant Petter Eide (SV).

– Då forstår alle at dei er unnvikande og viser ei kald skulder. Det gjorde dei i fjor då Liu Xiaobo låg på dødsleiet, og dei gjer det igjen no, seier Eide.

Ligge unna

Han meiner samtidig det ville vore dobbeltmoralsk av regjeringa å møte Liu Xia, sidan dei ikkje har støtta henne eller Liu Xiaobo. Difor ser Eide helst at regjeringa bør ligge unna.

– Alle veit at dei ikkje vil møte henne, så det er kanskje like greitt at dei følgjer opp sin avvisande holdning med å ligge unna, seier Eide.

Han legg samtidig til at det ville vore bra om regjeringa ville møte henne, dersom omsynet til Kina hadde vore grunnen til møtet.

– Regjeringa har greidd å vikle seg inn i ein vanskeleg og pinleg situasjon der næringsinteressene har gått framfor å markere menneskerettssituasjonen. Dette er i ferd med å bli ei byrde for Norge som ein menneskerettsnasjon, seier Eide.

LES MEIR: Stortingspresidenten held på sitt nei til Dalai Lama

For tidleg

Petter Eide får ikkje støtte av sin kollega i opposisjonen, Anniken Huitfeldt (Ap). Ho meiner på si side at det ikkje er tid for å seie noko om kva det offisielle Norge bør gjere dersom Liu Xia kjem på besøk.

– Det er det for tidleg å ta stilling til. Vi veit ikkje per i dag verken om det i det heile tatt vil bli eit besøk, eller korleis opplegget i så fall blir, seier Huitfeldt, som er leiar for utanrikskomiteen på Stortinget.

Berøringsangst

Menneskerettsorganisasjonen Den norske Helsingforskomité meiner at det ikkje berre er den noverande regjeringa som har vore svake overfor Kina.

– Denne og den tidlegare regjeringa har vore forsiktige med alt som kan irritere kinesiske styresmakter. Men Kina har sagt at Liu no er ein fri person, så då det er litt svakt at dei ikkje vil røre denne saken no, seier Gunnar Ekeløve-Slydal, assisterande generalsekretær i Helsingforskomiteen.

Han meiner regjeringa no gir uttrykk for den same berøringsangsten som under Dalai Lama sitt besøk i Norge i 2014. Då ville verken regjeringa eller presidentskapet på Stortinget møte den andelege leiaren, sidan han er ei tydeleg opposisjonell stemme overfor Kina.

– Det vart ein pinleg affære å smugle han inn på Stortinget, og det gir eit dårleg inntrykk å ikkje tore å røre slike personar, seier Ekeløve-Slydal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter