Nyheter

Eritrearar demonstrerer mot fredspristildelinga

Eritrearar i Norge seier fredsprisen til Abiy Ahmed var eit feilsteg. Dei peikar på at fredsavtalen ikkje har gjort levekåra i Eritrea betre.

Bilde 1 av 2

Måndag demonstrerer eritrearar i Norge mot årets fredspris. Dei meiner prisen er tildelt Etiopias statsminister Abiy Ahmed på sviktande grunnlag.

Måndag ettermiddag kjem årets fredsprisvinnar, Etiopias statsminister Abiy Ahmed, til Oslo, og går rett i møte og middag med Nobelkomiteen.

I grunngjevinga for årets tildeling skriv Nobelkomiteen at Ahmed får den gjeve prisen for innsatsen «for fred og mellomstatlig samarbeid, og da særlig for hans avgjørende initiativ for å løse grensekonflikten med nabolandet Eritrea». Prisen er også ei anerkjenning til «alle krefter som arbeider for fred og forsoning» i «det østlige og nordøstlige Afrika».

Etterlysing: Kvar er freden?

Heilt sidan prisen blei kunngjort i oktober, har han provosert eritreiske flyktningar i Norge. Difor samla mange seg til ein demonstrasjon i Oslo måndag. Omtrent samstundes som Ahmed kom til landet, samla eritrearar seg på Jernbanetorget, for så å gå opp til Stortinget – som vel medlemmene i Nobelkomiteen.

I eit ope brev til dei folkevalde spør ein av arrangørane av demonstrasjonen, den norske avdelinga til organisasjonen Yiakl, om «Hvor er freden?». Yiakl, som tyder «nok er nok», er ein internasjonal eritreisk grasrotorganisasjon som kjempar for betre styresett i Eritrea. Den andre demonstrasjonsorganisatoren er Paraplyorganisasjonen av eritreere for demokrati.

Refsar Nobelkomiteen

Yiakl rosar Nobelkomiteen for at han «legger merke til den alvorlige situasjonen på Afrikas Horn», men refsar årets tildeling: «Til tross for den illusoriske tilnærmingen mellom lederne i de to landene og begrensede samhandlinger mellom mennesker og myndighetspersoner, ble ingen virkelig fred oppnådd som et resultat av innsatsen til Dr. Abiy Ahmed», skriv dei i brevet.

Yiakl peikar på at grensa mellom Eritrea og Etiopia er stengt, slik at fri ferdsel er umogeleg. Vidare rettar dei søkelyset mot grove og systematiske brot på menneskerettane, mot at nasjonaltenesta ikkje blir trappa ned, mot manglande val: «Derfor er det tydelig at fredsavtalen har liten positiv innvirkning på folks liv i Eritrea».

Oslo 20191209. 
Eritreere demonstrerer mot Fredsprisen foran Stortinget
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Tildelt på sviktande vilkår

Organisasjonen meiner difor at fredsprisen til Abiy Ahmed er tufta på sviktande vilkår.

– Faktainnsamlinga til Nobelkomiteen er for dårleg. Tilhøva i Eritrea er blitt verre etter at Ahmed og Afewerki signerte fredavtalen i fjor. Difor demonstrerer me, fortel Bereket Haile, talsmann for Yiakl i Norge.

Han understrekar at fordi det ikkje er teikn til politiske endringar i Eritrea som følgje av fredsavtalen, er ikkje Abiy Ahmed verdig ein Nobels fredspris.

Ein brutal diktator

– At eritrearar i Norge demonstrerer mot årets fredspristildeling, forstår eg godt. I Eritrea er alt som før. President Issaias Afewerki styrer eit av dei mest undertrykkande regima i Afrika, fortel Kjetil Tronvoll, ein av Norges fremste Eritrea-kjennarar.

Tronvoll seier at mannen som fredsprisvinnar Abiy Ahmed omtalar som «ein bror i freden» framleis er ein brutal diktator.

Berre pris til ein person

Olav Njølstad, direktør på Det Norske Nobelinstitutt og sekretær i Nobelkomiteen, peikar i ein knapp kommentar på eit punkt i grunngjevinga for tildelinga:

– Komiteen «håper fredsavtalen vil bidra til en positiv utvikling for hele befolkningen både i Etiopia og i Eritrea».

– Utover dette vil eg nemne at årets pris berre går til éin person.

Vona forsvann

Kjetil Tronvoll, som er professor ved Bjørknes Høyskole, dreg fram ein indikator på den massive undertrykkinga i Eritrea; halvanna år etter fredsavtalen: Folk flyktar som aldri før frå landet.

– Kvar månad kjem det no rundt 6.000 eritreiske flyktningar berre til Etiopia, og me kjenner ikkje talet på kor mange som flyktar til Sudan og Jemen, fortel han og legg til:

– Fredsavtalen frå i fjor skapte von i Eritrea. I dag finn du ikkje spor av denne vona.

 

LES MEIR:

Kristne blir forfulgt i Eritrea

Eritreere i Norge må betale skatt til Eritrea for å få pass

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter