Nyheter

Ektepar gav million etter fem års dragkamp

Etter fem og eit halvt år fekk Hedrum kyrkje endeleg millionsjekken, men pengane skal aldri bli brukt.

– At pengane haldt på å bli sett på feil konto er ein av tusen ting som har gått feil, seier Bjarne Moe.

Fredag var eit langt, rotete kapittel over då Ingeborg og Bjarne Moe endeleg fekk i boks million-overføringa si til Hedrum kyrke utanfor Larvik.

– Vi er litt stolte. Vi er to alminnelege, fattige menneske. No får vi til å gi ein million kroner. Vi meiner at alt som vi har tilhøyrer Gud. Vi har det til låns og no gir vi tilbake til Herren, seier Bjarne.

LES MER: Frelsesarmeen fikk milliongave fra ostefond

Vanskeleg veg

Men dette skulle skjedd for lenge sidan. Allereie den 7. september i 2009 gjorde Moe ein avtale med DNB om å overføre summen til Hedrum kyrkje. Av ulike grunnar blei det kluss og krangel, for eit av Moes krav var at millionen skulle stå på eigen konto og ikkje bli samanblanda med resten av økonomien i kyrkja. Sjølv hevdar Moe at kyrkja nekta å ta imot gåva.

– Vi har også fått eit advokatbyrå i Oslo til å gå gode for krava våre. Dessutan har vi fått god hjelp i banken. Dermed har vi sikra oss i alle retningar, seier 78-åringen.

Leiaren i soknerådet i Hedrum seier at kyrkja ikkje har nekta å ta imot pengane. Men «misforståingar og feiltolkingar» førte til at det førre soknerådet på eit tidspunkt ønska ein pause i dialogen, sidan eit nytt sokneråd «var like om hjørnet». Slik kunne det nye rådet sjå på saka med nye auge, forklarar Seierstad.

LES MER: Kirkestrid endelig avgjort

Får ikkje bruke millionen

Blant krava knytta til pengane, er at dei aldri skal bli brukt.

– Vi gir ei bandlagt gåve. Millionen skal ligge i banken til evig tid. Det er berre dei årlege rentene som kyrkjelyden kan nytte. Slik vil Hedrum kyrkjelyd eige ein million kroner, seier pensjonisten som har jobba som leiar i politiet i 40 år.

Rentene kan derimot kyrkjelyden bruke. Då Moe tok initiativ til gåva i 2009, var den årlege renteavkastinga 50.000 kroner. Med dagens rente er den årlege summen rundt 16.000 kroner.

– Normalt vil kyrkja ha 50.000 kroner til å bruke på å fortelje at Jesus Kristus er verdas frelsar. Pengane kan bli brukt i kristelege samlingar, seier Moe.

– Innskotsretna er låg for tida, men dette er likevel eit kjærkome tilskot til arbeidet i kyrkjelyden sitt arbeid. Det gir oss moglegheit til å styrke arbeidet vårt, seier soknerådsleiar Seierstad.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Dialogen har vore krevjande

Hedrum kyrkje fylte 950 år i 2010. Summen var opphavleg ei gåve i høve jubileet.

– Kvifor har det teke fem og eit halvt år å få til dette, soknerådsleiar Seierstad?

– Gjevarane har heile tida vore opptekne av å sikre at gåva kom dit den skal og at den skal bli disponert på den rette måten av dei rette personane. Dialogen mellom soknerådet og gjevarane om desse tinga har vore prega av kommunikasjonsvanskar.

Seierstad seier at Moe ikkje alltid har forstått kyrkjelyden sin organisasjonsstruktur og dei ulike personane sine roller i saka. Dette har gjort gjevarane usikre på om gåva ville bli brukt i tråd med ønsket deira, meiner leiaren.

– Dette har medverka til at dialogen har vore krevjande, og det har fleire gongar vore mange månadars pause i dialogen, seier Seierstad og legg til:

– Soknerådet er på vegne av heile Hedrum kyrkje svært glad for den store gåva.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter