Nyheter

Eksplosjon i søking til sjukepleia – diakonal høgskule mest attraktiv

Mange fleire vil ta sjukepleiarutdanning i år. Då blir det kniving om plassane, spesielt på éin skule.

Aldri før har så mange ønskt seg ein studieplass. Krisetida har spesielt løfta eitt felt: helsefaga.

Etter ein nedgang i søking i fjor, har sjukepleiarutdanninga auka med 5,8 prosent i år. Og hos nokon er pågangen enorm.

Desse har det trongaste nålauget

– Det er heilt sjukt, og nesten ikkje til å tru, seier instituttleiar Edith Roth Gjevjon ved Lovisenberg diakonale høgskole (LDH).

Ho snakkar om dei 35 prosent fleire søkarane til sjukepleia ved Lovisenberg i år. Det gjer utdanninga til Noregs mest eksklusive. Dei har flest søkarar per studieplass.

– At det skulle bli såpass, hadde eg ikkje sett for meg. Dette viser at me kjem til å få topp motiverte studentar til hausten, seier Roth Gjevjon.

Kvart år går 200 nye sjukepleiarar ut frå Lovisenberg. 931 personar har LDH som førstevalet sitt i år.

– Me jobbar hardt for å få til den beste sjukepleiarutdanninga, seier instituttleiaren.

Vil ha diakoni i krisetid

Edith Roth Gjevjon har lenge ønskt eit løft for faget sitt, sjukepleia. Ho er ikkje i tvil om at koronatida har påverka søkartala – på meir enn éin måte.

– For det første er sjukepleiarar verkeleg naudsynte. Det er eit yrke kor du får jobb framover.

Instituttleiaren siktar til at det manglar mange sjukepleiarar i Noreg no, og trur det vil halde fram slik. Roth Gjevjon håpar at denne krisa blir ein slags renessanse for sjukepleia.

– Kanskje me no har fått fram kva profesjonen og faget dreier seg om, og kva det betyr for helsetenesta.

– Det er meir enn varme hender og eit stort hjarte, seier Edith Roth Gjevjon.

Trassar trenden: Her søkte færre enn tidlegare

På motsett side står Noregs andre kristne sjukepleiarutdanning, VID vitenskapelige høgskole. Der er situasjonen ein heilt annan: Talet på søkarar går ned, spesielt i Oslo.

– Me har dessverre ikkje nådd godt nok ut med bodskapen om at VID Oslo på Diakonhjemmet har blitt vesentleg større, skriv rektor Bård Mæland på heimesida.

I vår har studiestadene Diakonova og Diakonhjemmet fått same lokasjon. Dette er det første felles opptaket for sjukepleien ved VID Oslo. Høgskulen skriv at dei gjerne skulle hatt fleire søkarar til dei 320 studieplassane på grunnutdanninga i sjukepleie.

På den positive sida utmerkar master og vidareutdanning seg på VID. Akuttmedisinsk sjukepleie i Bergen og kreftsjukepleie i Oslo er populært.

Trur på tradisjonen

Den diakonale sjukepleiarutdanninga på Lovisenberg er den eldste i Noreg. Det var her faget starta her til lands.

– Eg trur at utdanninga og institusjonen har eit godt rykte. Me har gode ambassadørar, både i studentar og tilsette, seier instituttleiar Edith Roth Gjevjon ved Lovisenberg.

Ho trekk fram at arva frå diakonissene – dei som innførte profesjonen – framleis betyr mykje.

– Utdanninga vår er ikkje religiøs i seg sjølv. Men ho har eit fundament og eit menneskesyn i å ivareta alle grupper i samfunnet.

Instituttleiaren trur denne grunnmuren har noko å seie for populariteten.

- Eg er uansett veldig stolt av Lovisenberg, seier Roth Gjevjon.

LES MEIR:

Får de eldste god nok behandling?

– Pasienters åndelige omsorg neglisjeres

Slik jobber sykepleierne med prostituerte og rusmisbrukere på gata

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter