Politikk

Eks-bymisjonsgeneral og eks-fylkesmann Helen Bjørnøy inn i kommunestyre

SVs tidlegare miljøvernminister kom inn for SV i Lillestrøm og blir partiets nye profil i storkommunen.

Teologen Helen Bjørnøy var fylkesmann i Buskerud fram til i år. Då blei fylket innlemma i den nye, store regionen Viken.

Bjørnøy har vore aktiv SV-politikar lenge, og var listetopp for partiet i den nye storkommunen på Romerike ved valet. Ho var nestleiar i Nei til EU i 1994, og leiar i Buskerud SV frå 1993 til 1997.

SV-toppen i Lillestrøm er gift med Torstein Lalim, prost i Nedre Romerike prosti. I 2004 var Bjørnøy kandidat til stillinga som biskop i Oslo bispedømme.

LES MEIR: Bjørnøy vil hente heim norske barn frå Syria

Prest

Bjørnøy er utdanna teolog ved Menighetsfakultetet, og starta yrkeslivet som kapellan i Tromsø domkyrkje, så kallskapellan i Tangen kyrkjelyd i Drammen.

I åtte år var ho lektor ved Høgskolen for Diakoni og Sykepleie før ho gjekk inn i jobben generalsekretær i Kirkens Bymisjon i 1999.

Minister

Då dei raudgrøne overtok regjeringsmakta i 2005, blei Bjørnøy miljøvernminister. Men ho blei bytta ut etter berre to år - Bjørnøy blei i 2007 utpekt til syndebukk for SVs dårlige kommuneval. Inn som ny miljøstatsråd kom Erik Solheim.

Året etter blei ho på nytt generalsekretær, no i Plan Norge. I 2013 utnemnde Stoltenberg-regjeringa Bjørnøy til fylkesmann i Buskerud.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk