Bøker

Eit stille sinne

Debutant Tharaniga L. Rajah vil at nordmenn skal kjenne på korleis det er å stå midt i ein krig.

– Dette er på mange måtar mi 22. juli-bok, seier Tharaniga Rajah.

Vi sit på Nedre Foss gård, ein herskapeleg stad rett ved Akerselva i Oslo. Utanfor striregnar det gjennom kald haustluft. Rajah har fått grøn te.

– Vi gjekk i rosetog etter 22. juli. Det er veldig fint og vi definerer oss veldig utifrå det at vi reagerer godt på terrorisme og ekstremisme. Men eg har tenkt: Korleis hadde vi reagert om vi hadde blitt bomba kvar veke? Hadde vi vore like rause, hadde vi hatt det same storsinnet?

Djupt mørke

I Det er lenge til skumring vert vi kjende med Raisa og dottera Násti. Dei er blitt del av eit fellesskap i Finnmark etter at Noreg har utsett samane for utreinsking. Ein samisk stat vert bygd, men det går ikkje lenge før også den vert angripen av nabolanda. Raisa må igjen kjempe for å beskytte dottera.

Ifølgje forfattaren handlar boka om krig, terror, samhald og rasisme. Rajah ville bringe krig litt nærare oss her i Noreg, få oss til å kjenne det litt meir på kroppen.

– Det er ganske brutalt, det som skjer i boka. Eg har gått inn i eit djupt mørke.

Ho håper parallellar til tidlegare krigshistorie kan gjere det lettare for trygge nordmenn å ta det innover seg.

– I tillegg har eg prøvd å bytte på sympatien gjennom heile boka. Det er ikkje berre nordmenn som er slemme eller samar som er slemme, det er eit nyansert bilete. Viss ein føler ein vert stempla som skurk, er det lett å forsvare seg.

Les alle sakene i Bøker her!

Annleis

Rajah vert lukkelegare av å skrive. Sjølv når ho skriv om krig og elende.

– Eg har skrive heile dette manuset med eit stille sinne. Det er eit aktivt sinne, noko som dirrar, nesten eit raseri. Sjølve drivkrafta bak prosjektet har vore ein personleg kamp mot rasisme. Det er noko samar opplever den dag i dag og som eg har opplevd ganske mykje sjølv.

34-åringen vaks opp på Moi i Rogaland, i den einaste familien med utanlandsk bakgrunn i den vesle bygda. Foreldra kom dit frå Sri Lanka for 43 år sidan. Rajah kjende seg ikkje norsk før ho flytta til Oslo for nokre år sidan.

– Eg har alltid følt meg som tamil, som brun, som annleis. Det har gjort at det kjennest som eg har mindre plass i verda. At eg må orsake meg for at eg er her. Men i Oslo tenker eg ikkje så mykje på det.

Parallellar

Debutanten kunne lite om den samiske kulturen før ho byrja å skrive. Ho har reist ein del til Finnmark for å lære og lese mange bøker. Ho fann fort ut at ho kan identifisere seg med samane og deira historie.

– Sri Lanka var kolonisert i 500 år, og det er institusjonalisert rasisme, rett og slett. Som tamil i dag skal ein gjerne vere så kvit som mogleg. Rasismen er blitt ein del av kulturen. Det ser ein med samane også. Fornorskinga gjer at det er samar den dag i dag som tykkjer det er flautt å snakke samisk og gå med kufte.

Om ein dreg opp til Finnmark, kan ein merke eit stille sinne, seier ho.

– Ingen seier noko frekt tilbake om vi nemner krigen og fornorsking, men sinnet er der. Det ulmar.

Rajah er spesielt engsteleg for kva folk frå Nord-Noreg vil synest om boka. Ein samisk konsulent har godkjent henne, men har også sagt at det kan vere somme som føler ho er vond å lese.

– Eg vil ikkje såre nokon. Men samtidig tenker eg at det er nettopp når det er sårt at ein skal gå inn i det, for å kunne byrja å snakke om det som er vanskeleg.

LES OGSÅ: – Du kan være så mye ateist du vil, men du slipper ikke unna religion

Skyskraparby

Boka er kontrafiksjon – krigen mellom samane og nabolanda skjer i ein alternativ røyndom. Men dei første utkasta Rajah leverte, vart oppfatta som faktisk historie. Det overraska henne.

– Eg har brukt ein del tid på å få folk til å forstå at det er rein fiksjon. Det er derfor Karasjok er ein skyskraparby, fortel ho.

Då ho skulle gjere research til boka, var det vanskeleg å få tak i informasjon. Ho ville mellom anna gjerne finne skapingsforteljinga i samisk religion på norsk. Då måtte ho til Nasjonalbiblioteket, dei hadde ein versjon frå 1970-talet.

– Det er rart at det skal vere så lite tilgjengeleg. Vi er jo eit land med to folk.

Ærleg

Då ho først byrja å skrive, var romanpersonane lette å like, fortel debutanten. Men då følte ho litteraturen vart dårlegare.

Som lesar av den ferdige boka får ein kanskje mest sympati med dottera Násti, som stadig vert forlaten av mora som må ut og kjempe mot fienden.

Er det viktig for deg at lesarane får sympati med romanpersonane dine?

– Reint personleg tykkjer eg det er fint om dei får det. Men eg har også tatt nokre val som eg trur gjer det lett å mislike Raisa ganske mykje. Eg må vere veldig ærleg når eg skriv.

LES OGSÅ: Det ligg ei religiøs livskjensle i Amalie Skrams verk

Kristen terror

I boka vert det stadig referert til Ipmil, det samiske ordet for Gud. Rajah skildrar kristne misjonærar som valfartar til flyktningleirar som oppstår på grunn av krigen, med naudrasjonar og biblar under arma. I tillegg er gruppa Kristelig Intervensjon (KrI) sentral. Dei er kristne terroristar som utfører terroråtak.

For Rajah var dette viktig å ha med.

– Eg trur ikkje grunnen til terrorisme er religion, men eg trur at det finst ein del menneske som utnyttar krafta i religion til å skape splid.

Debutanten meiner vi må snakke meir om terror og etterverknadane av det som skjedde 22. juli 2011. Ho tykkjer den aukande islamofobien er skummel, sjølv om ho ikkje er muslim sjølv. Å gjere terroristane i boka kristne, var eit bevisst val.

– Det er nettopp fordi boka handlar om å trekke krigen nærare oss. Det kan også hjelpe oss å sjå kor karikert det vert, for det er ingen som forventar kristen terrorisme i det omfanget eg skriv det. Det kjennest kanskje rart, og då kan ein tenke litt meir på korleis ein ser på islamsk terrorisme, trur ho.

– Kvifor er det viktig å gjere folk merksame på det?

– Eg har jo skrive denne boka for å redde verda!

Rajah ler.

– Ho vil kanskje ikkje føre til dei store omveltingane. Men kanskje nokre menneske kan endre måten dei tenker på. Og då har eg gjort mi plikt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker