Nyheter

Eit historisk Kyrkjemøte – med sprit og signing

På tre dagar skal kyrkjas øvste organ vedta reglar, strategiar og leiarar for framtida. Bak delegatane faldar nokon hendene for at det skjer etter Guds vilje.

Even when I don’t see it, you’re working.

Even when I can’t feel it, you’re working.

Tonane frå Michael W. Smith strøymer lett metallisk ut frå ein berbar PC. Ved sida ligg oppslådde biblar, songbøker og ein kaffikopp – for Randi Anne Skårdal har bede i nesten tre timar allereie. Klokka er 09.00.

Kvar dag denne langhelga, frå tidleg morgon til sein kveld, er gruppa «Bønn for Den norske kirke» samla på Betania i Trondheim. I over ti år har nettverket vendt seg til Gud ved kvart møte i dei høge kyrkjelege organa.

No faldar dei hendene for Kyrkjemøtet 2020.

SPRIT: God avstand og kvar si flaske handdesinfeksjon. Delegatane merkar at Kyrkjemøtet 2020 er eit unntak.

Slik ser bønebordet til Skårdal ut under Kirkemøtet 2020. Foto: Tuva Skare

Ser at Gud grip inn

– Eg likar ordet «gudfeldig», seier Skårdal.

– Ein kan snakke om slumpar, men det skjer iallfall mange fleire av dei når ein ber.

###

På opningsdagen bad ho i fire timar. I kjellaren 20 minutt unna Kyrkjemøtet velsignar «Bønn for Den norske kirke» leiarane, medlemmane og dei tilsette. No sit leiar Randi Anne Skårdal i den ulltrekte sofaen åleine. Folk kjem og går, både fysisk og digitalt, gjennom dagen.

Men nærmast konstant kjem det ein straum av bøn for at Guds vilje skal skje på møtet.

– Me ber om Jesus skal bli levande i den enkelte, og at folk skal få gå i hans kraft. Resultatet kan vere så enkelt som at nokon som er slitne, og som me ber for, får sove godt. Det kan vere eit bønnesvar, seier Skårdal.

LES ÒG: Ho skal leie Kyrkjerådet dei neste to åra

Eit annleis år gir eit annleis møte

Kyrkjemøtet 2020 vil bli eit avtrykk av unntakstida me er i. Sakslista er kortare og dagane færre. Titals flasker med handsprit står rundt omkring, og delegatane slår av pausepraten med god avstand.

Dei elleve bispedømma sit spreidde i salen, kvar for seg. «Kohortane» har nådd Kirkemøtet, og dei 115 oppmøtte medlemmene blir bedne om å ikkje gå for mykje på tvers av si eiga gruppe. Sosiale arenaar har forsvunne i år, deriblant komiteane dei brukar møtast i for å ­diskutere sakene.

– Det har skjedd mykje fagleg givande, og ikkje minst relasjonsmessig, i desse romma. Me har fått bygge fellesskap og vennskap som delegatar, seier Hamar-biskop Solveig Fiske.

– Å treffe kvarandre på tvers av landsdelar og tilhøyre har auka forståinga vår for kvarandre, og våre ulike ståstader. Sånn sett er det utfordrande å miste det i år, seier Fiske.

###

Delegatane sit med god avstand – og kvar si handsprit-flaske. Foto: Tuva Skare.

Ei miks av meiningar likevel

Men brytningane som finst i Den norske kyrkja kjem til syne likevel, mellom anna under generaldebatten torsdag kveld. Dei som ønskte, fekk to minutt kvar på talarstolen, og kunne snakke om akkurat kva dei ville.

Det blei timevis med ei salig blanding av kvinnelege prestar, rettar for transpersonar, ungdomsfråfall, likekjønna ekteskap, misjon, synd og kyrkjestruktur.

Kirkemøtet 2020, torsdag.

To av minutta som fekk mest merksemd var Jo Hedberg sine. Han er leiar for gruppa Bønnelista, og gjekk opp på scenen for å «gjere noko ungdommeleg»:

– No må de knipse og gjenta etter meg, sa han, og haldt fram i ein slags rap:

– Jesus gikk foran og viste vei. Han ga sitt liv for deg og meg (...). Handlingsplan og strategi bør være å sette folk fri.

Gud er med – også i sakene

Hedberg, rapparen, er mannen som starta nettverket «Bønn for Den norske kirke». I same augneblink som han sto på scenen hadde kanskje nokon frå gruppa falda hendene i bønn for Kyrkjemøtet. Sjølv ber han òg.

– Det er ikkje alltid godt å vite kva som er eit «godt» utslag. Me kan ha oppfatningar og meiningar sjølv, men det er ikkje sikkert dei er riktige. Derfor ber me om Guds vilje, seier den tidlegare leiaren for bønnegruppa.

Hedberg trur at Gud kan ­gripe inn i det konkrete på sakslista, at Guds vilje kjem igjennom i vala som blir tatt og vedtaka som blir fatta. «(...) Kristus er menighetens hode», siterer han etter ­Efeserbrevet 5:23, og håpar at forbønna bidrar til det.

I ein e-post til opp mot 1.000 personar har «Bønn for Den norske kirke» sendt ut emne for ­Kyrkjemøtet, blant dei:

«Be om Jesu blods ­beskyttelse, om Den hellige Ånds ledelse og åpenbaring, og om vedtak og valg som bygger kirken og Guds rike». Både Jo Hedberg og Randi Anne Skårdal er overtydde om at dei har folk med seg i bøn.

LES ÒG: Harald Eia var sterkt kritisk til religion. Så byrja han på universitetet

Bønene skal vere utan politikk

Under generaldebatten sa mange ifrå om at dei var lei av forskjellane og stridstemaa i Den norske kyrkja. «La oss fokusere på det me har til felles» var ei oppmoding som gjekk igjen.

Jo Hedberg avviser at bønnegruppene berre er til for den ­«politiske» grupperinga Bønnelista. Han peiker på at «Bønn for Den norske kirke» blei stifta ti år før Bønnelista.

– Me vil samle alle med ulike meiningar. Men det er viktig at rommet for bøn ikkje blir eit rom for diskusjon om teologiske skilnadar. Det er Kyrkjemøtet-salen arenaen for.

– Me ber i lag om at Guds vilje må skje. På riktig måte, seier Hedberg.

SISTE FRÅ KYRKJEMØTET:

Kyrkjemøte? Kyrkjeråd? Forvirra? Her er alt du må vite

Åtvara Kyrkjemøtet mot respektlaus debatt: – Me må lytte til kvarandre

Bønnelista ville stemme mot sakslista

---

Fakta:

  • Den norske kyrkja sitt øvste organ – ofte kalla kyrkjas «Storting». Har 116 medlemmar.
  • Kvart år samlest medlemmane i dei 11 bispedømmeråda til Kyrkjemøtet. I år blir det arrangert 8.-11. oktober i Trondheim.
  • På saklista står det 19 saker, mellom anna val av nytt Kyrkjeråd og ny konfirmasjonsliturgi.
  • Kyrkjemøtet skal mellom anna uttale seg om viktige lovendringar, og setje planar for mellom anna undervisning, diakoni, økumenisk verksemd og kyrkjemusikk.
  • Den norske kyrkja har nesten 3,7 millionar medlemmer.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter