Nyheter

Du kan sjølv sjekke etikken

Mobilverktøy avdekkjer berekraft og produksjonsetikk.

Ethical Consumers Australia kan hjelpe deg, der du står i ­butikken og skal handle. ­Forbrukarorganisasjonen har ­utvikla ein app som du lastar ned på mobilen din, Good On You.

Når du tastar inn namnet på kjende, internasjonale merke-varer, gjev app-en deg svar i tre kategoriar, arbeidsrettar, miljø og dyr; bruken av skin, pels og hår.

Rangeringane er femdelte; storvegs, godt, det er ein start, ikkje godt nok og unngå.

Om verktøyet seier Ethical Consumers Australia; «du får makt til å gjere betre handlar om du er ein informert handlar».

Byr deg lakse-CV

Forbrukarane vil i aukande grad vite kvar mat og drikke kjem frå – og om dette er blitt produsert på ein berekraftig måte. Difor tilbyr teknologiselskap som IBM og klassifiseringsselskap som DNV GL såkalla blokkjedeteknologi - ei blokkjede er ei slags rekneskapsbok som sporar alle data til eit produkt.

Kva åt laksen?

Dermed kan du skanna QR-koden på til dømes norsk laks, og vips; så står du med ein komplett «lakse-CV» med all laks produsenten sel: Kva opphav fisken har, når egga blei klekte, kva settefiskanlegg han har vore i, kor stor han var då han blei sett ut i sjøen, kva sjøanlegg han kjem frå, kva vaksinasjonar han har fått, kva fôr han har ete – og når og kvar han blei slakta.

Slik kan forbrukaren avgjere om dette er berekraftig føde.

LES MEIR

Lov skal tvinge fram kunnskap om korleis varer er produserte

KN vil ha «kraftfull lov» for å nedkjempe barnearbeid i produksjonskjedene

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter