Nyheter

Drapet i pinseforsamlinga i Knutby blir krimroman, så TV-krimserie

Mediekonsernsjef skriv både romanen og TV-manuset.

For 15 år sidan plasserte eit drap den vesle svenske bygda Knutby på kartet. 10. januar 2004 blei Alexandra Fossmo (23) funnen drepen i heimen i Knutby, fire mil aust for Uppsala. Rett før hadde Daniel Linde (23) blitt funnen skoten og alvorleg såra i nabohuset.

Drepne Alexandra Fossmo var gift med pastor Helge Fossmo i Knutby Filadelfia, ei pinseforsamling der alle involverte i saka var medlem.

Toppleiar og forfattar

No blir det 15 år gamle dramaet til ein krimroman. Forfattar er Jonas Bonnier, som også er konsernsjef i det store svenske mediekonsernet Bonnier. Ved sidan av toppjobben skriv skriv Bonnier bøker. Hans førre bok handla om det spektakulære helikopterranet som fann stad i 2009 i Sverige.

LES MEIR: – Man skulle overvinne sykdom i Knutby

«Tragisk crescendo»

I pressemeldinga frå Albert Bonnier Forlag blir krimromanen Knutby presentert slik:

«Sommaren 1997 flyttar Forsman till Knutby i Uppland, budde til å byrje eit nytt liv i Filadelfia-forsamlinga som leds av Eva Skoog. I løpet av knapt sju år skal eit fåtal personar og familiar bli vevde saman i eit øydeleggjande nett av erotiske maktband som munnar ut i eit tragisk crescendo.»

Jonas Bonnier ønskjer ikkje å kommentere romanen som kjem ut i Sverige i oktober. Men han fortel avisa Dagen at hendingane i boka strekkjer seg fram til tida etter drapet i januar 2004.

LES MEIR: Vil ta ut tiltale mot «Kristi brud»

Blir TV-serie

Parallelt med sluttføringa av krimromanen Knutby har arbeidet med ein TV-serie byrja. Han skal tuftast på romanen og det er Jonas Bonnier som skriv manuset til dei seks episodane.

Produksjonsselskapet B-Reel Films har kjøpt TV-rettane og administrerande direktør Pelle Nilsson fortel Expressen at dei planlegg å starte innspelinga av Knutby-krimserien i 2020.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter