Nyheter

Donerer egg av nestekjærleik

Blant europeiske kvinner som har lov til å donere egg, gjer nesten halvparten det av idealisme. Men mange kvinner blir også freista av gode pengar.

I synet på eggdonasjon tilhøyrer Norge ein kvartett land som seier nei. Enn så lenge. Regjeringspartiet Høgre skal no ta endeleg stilling til spørsmålet om eggdonasjon. Stridssaka blir avgjort på landsmøtet til helga.

Neste helg set også regjeringspartiet Venstre bioteknologi på dagsorden, og det er meldt ein dissens i synet på eggdonasjon, sjølv om Venstre allereie har avklart at partiet seier ja til at norske kvinner skal få donere egg.

I dag står vi saman med Tyskland, Sveits og Italia, og forbyr kvinner å hjelpe barnlause kvinner med friske egg. Difor reiser stadig fleire norske kvinner ut i Europa, til land med langt meir liberal lovgjeving, for å bli gravide med donoregg dei kjøper på private fertilitetsklinikkar.

LES MEIR Høyre-topp vil ha drahjelp fra KrF

Konservative

– Kva forklarar at akkurat desse fire landa seier nei til eggdonasjon?

Spørsmålet går til Bjørn Myskja, professor i filosofi ved NTNU, og nestleiar i Bioteknologirådet.

– Eg skal vere varsam når eg prøver meg på ei forklaring, for når det kjem til Europa og eggdonasjon er det få raude trådar. Land som er minst like konservative, både religiøst og politisk, som dei fire nemnde landa, seier jo ja til donasjon, som til dømes Spania, seier Myskja.

Han har likevel ei mogleg forklaring: Tyskland, Sveits og Italia er konservative land som alle har ein sterk katolsk base, og i desse landa står også familien sterkt . I tillegg har Tyskland i nyare tid vore særs forsiktige med å liberalisere lover på biologiområdet, noko som kanskje kan forklarast historisk med nazistanes forskingsprogram på området.

Reproduksjon

– Kva så med Norge?

– Norge er eit særtilfelle i Europa i denne saka. Vi har ei anna type konservatisme, ho er ikkje knytt til kyrkja på same vis som i dei tre andre landa, men til lågkyrkjelege organisasjonar. Vidare har vi eit blanda forhold til teknologi, noko som særleg kjem til uttrykk i synet på bioteknologi. Her er vi konservative både når det kjem til spørsmål om landbruk og reproduksjon, seier Myskja, og legg til:

– Eigentleg har folket vore klare for eggdonasjon i ti år, om vi skal tru meiningsmålingane, men grunna politisk innflyting frå parti som KrF og Senterpartiet har det ikkje blitt fleirtal på Stortinget for slik donasjon.

I byrjinga av mai blir det klart om Stortinget seier ja til å gjere eggdonasjon lovleg i Norge, og eventuelt på kva vilkår. Innan 8. mai må Stortingets helsekomité levere innstillinga som kan varsle omfattande liberalisering av bioteknologilova.

Fem motiv

Bioteknologirådet opplyser at det ikkje er så mykje som er kjent om dei europeiske kvinnene som vel å donere egg, men éin studie avdekkjer viktige sider ved slik donasjon.

European Society of Human Reproduction and Embryology (ESHRE) har nemleg kartlagt kven dei er, kvinnene som er villige til å ta ut eigne egg, som så kan bli befrukta og sette inn i barnlause kvinner, som anten er single eller lever i parforhold.

I studien blei 1.423 eggdonorar ved 60 klinikkar i 11 land intervjua. Han avdekkjer at motiva for å donere egg er ymse, og ofte ein kombinasjon av fleire. Difor deler ESHRE dei inn i fem hovudmotiv:

• Rein altruisme; av ueigennytte og nestekjærleik vil dei hjelpe barnlause: 46 prosent av dei spurte kvinnene gav opp dette motivet.

• Kombinasjon av altruisme og økonomisk kompensasjon: 32 prosent.

• Utelukkande økonomisk kompensasjon: 10 prosent.

• Altruisme og dele eigne egg i samband med prøverøyrsbehandling: 5 prosent.

• Dele eigne egg i samband med prøverøyrsbehandling: 2 prosent.

LES MEIR Press for friere bioteknologi i Høyre

Nestekjærleik

Studien fortel at i gruppa av donorar finn ein både studentar, arbeidsledige og kvinner i full jobb. Ein tredel av dei som studerte hadde ein universitetsgrad, og vel halvparten av alle kvinnene hadde eigne barn. Snittalderen på dei intervjua er 27,4 år.

Skilnadane mellom kvinnene blir svært synlege når ein deler ut frå geografi og levekår:

• Rein altruisme var viktigast for dei franske (100 prosent), finske (89 prosent) og belgiske (86 prosent).

• Økonomisk kompensasjon var viktigast for dei russiske (47 prosent), greske (39 prosent) og ukrainske (28 prosent).

God inntekt

Kartlegginga frå ESHRE viser at spennet på kompenasjon er stort, frå ingenting i Frankrike til 2.000 euro i Belgia. Med dagens kurs blir det nesten 20.000 kroner.

– Generelt er dei fleste europeiske donorar motivert av ønskje om å hjelpe andre kvinner, men økonomisk kompensasjon hjelper nokre av dei til faktisk å gjere det, sa etikkprofessor Guido Pennings i ei kunngjering då studien blei presentert. Han er direktør og professor ved Bioethics Institute Ghent i Belgia og leiar arbeidsgruppa i ESHRE som hadde ansvaret for donorstudien.

Men Pennings forklarte at i nokre land, Russland og Ukraina, fører nivået på kompensasjonen til at særleg unge, arbeidsledige kvinner finn eggdonasjon attraktivt.

Garanti

I enden av donorkjeda ligg klinikkane som norske kvinner reiser til i dag, for å bli gravide med donoregg: «... tilbyr et eggdonasjonprogram med en individuell donor som vil bli valgt ut spesielt for deg», lyder det hjå ein latviske klinikk, på norsk. «Vi har strålende resultater med eggdonasjon, og derfor kan vi tilby «babygaranti» til alle kvinner til og med 49 år som ønsker å sikre seg mot uflaks!», melder ein russisk klinikk, også på norsk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter