Nyheter

Dømt etter pokémonspeling i kyrkje

Bloggar fekk 60 dagar i fengsel.

Ruslan Sokolovsky publiserte i august ein video på Youtube som viser at han spelar Pokemon go i ei ortodoks kyrkje i Jekaterinburg i Russland.

Tiltalt

Politiet i byen svarte med å tiltale Sokolovsky for usømeleg framferd i ei kyrkje, melder The Moscow Times og fleire andre russiske medier.

LES OGSÅ: Kirkene jakter monsterjegere

Krenke

Sjølv seier Sokolovsky dette til ei nettavis:

– Kven kan kjenne seg krenka om ein berre går rundt i ei kyrkje med ein mobiltelefon?

No er Sokolovsky dømd. Han fekk 60 dagar i fengsel, melder Aftenposten.no.

Følg oss på Facebook og Twitter!

I fengsel

Han er ikkje den første som blir fengsla for å ha gjort noko styresmaktene er usømeleg i ei kyrkje. I 2012 blei dei tre medlemmane i punkrockgruppa Pussy Riot arresterte etter at dei framførte ein regimekritisk låt der dei ba jomfru Maria jage vekk Vladimir Putin i Frelserkatedralen i Moskva.

Bandmedlemmane blei dømt til to års fengsel, men kom ut i 2013.

LES OGSÅ: Derfor blir vi hekta på Pokémon

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter