Nyheter

Ditt søppel

Eg berre lurar: Kven skal rydde opp etter deg?

Dei siste bitane med glinsande e-stoff og foredla kakaomasse blei delt ut i venninneflokken. Papirposen med smågodt gjekk tom.

– Ferdig, sa jenta.

Og kasta posen på bakken framfor oss der me sat i busskuret. Fire meter til venstre sto ei grøn søppelkasse. Vinden ruska posen bortover asfalten. Mot søppelkassa.

– Det er vanleg å kaste søppel i søppelkasser, sa eg venleg til dei fem godtemomsane.

LES OGSÅ: Hvor god moral har du?

Egoist

– Kva sa han? spurte jenta innerst i kroken.

– Han sa at det er vanleg å kaste søppel i søppelkasser, sa ho som kasta papirposen på bakken.

– Hæ, sa dei tre andre.

Alle fem såg dumt på meg, raringen som oppmoda tenåringane til å rydde opp etter seg, han som tykkjer at søppelslenging i det offentlege rommet er egoistiske handlingar, ja, faktisk svært egoistiske handlingar.

– Det er vanleg å kaste søppel i søppelkasser, gjentok eg.

REPORTASJE: Samaritanen snakker ikke om velferdsstatens tåleevne

Skikk og bruk

Jentene oversåg meg. Eg eksisterte ikkje sjølv om eg sat på same busskurbenk. Eg var han kjipingen som kjende seg moralsk opphøgd til å påpeike at søppel skal i søppelkasser, og som meiner at folk som berre slepper burgerpapir, sneipar og tomflasker på bakken, stryk i skikk og bruk.

Neste spørsmål til jentene var formulert:

– Kastar du søppelet på golvet heime også?

Men før eg fekk sagt det, sprang dei mot bussen som kom inn på stoppestaden. Eg kasta nokre ord etter dei:

– De gløymde søppelet dykkar!

Moralist

Dei viste meg ryggen. Dei sa det tydeleg. Plukke søppel kan du gjere sjølv. Så eg gjorde det. Nokon må vere vakthavande moralist.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter