Nyheter

– Dikt treff tidsånda

Lyrikken har fått ein renessanse gjennom sosiale media.

Det seier Ruth Lillegraven, som er årets festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

– Korleis var det å få den rolla?

– Eg må alltid tenke meg om før eg svarar på slike ting. Men denne­ gongen tenkte eg ja med ein gong, eg vart veldig glad.

Pussig å vere i sentrum

– Er det litt skummelt òg?

– Eg er blitt relativt scenevant med åra, men eg skal ha elleve oppdrag på fire dagar. Det er litt mykje. Og så er det litt pussig å skulle vere i sentrum, eg føler eg stel mykje av programmet.

– Dei som står bak festspela har sagt at med deg som festspeldiktar har dei høve til å løfte fram lyrikken. Treng den å bli løfta fram?

– Ja og nei. Den slit kanskje mest i avisspaltene og i bokhandlane. Men mitt inntrykk er at den lever­ i beste velgåande, gjennom diktlesingar og på sosiale media. Den har fått ein renessanse der.

Kjapt og kort

– Apropos sosiale media – du har vore på skuleturné før fest­spela. Fortel.

– Ja, eg besøkte ungdomsskulane i Ørsta og Volda. Det var skummelt! Eg skriv jo ikkje akkurat kule action-romanar, men eg opplevde å få god kontakt. Då eg utfordra dei til å skrive dikt på fem minutt, kom det mykje godt ut av det. Dei er vande til å uttrykke seg kjapt og kort, så dikt kan passe for tidsånda.

– Du har vore innom alt frå ­roman og dikt til barne­bøker. Nyleg bidrog du til ein antologi­ om mensen. Er det viktig for deg å variere?

– Eg har skrive mest dikt. Men ja, det er artig å prøve forskjellige ting. Eg lærer av det.

– Skriving er skriving

Lillegraven har tidlegare jobba som ­taleskrivar for politikarar.

– Korleis skil det seg frå det du gjer no?

– Det er svært ulikt. Men skriving er skriving. Ein må formulere seg klart og tydeleg, sjølv om det ikkje alltid er eit mål i ­poesien. Og så har eg blitt vant til å skrive kjapt og på bestilling. Eg sit ikkje og ventar på inspirasjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter