Kommentar

Dialog– misjonens arvtakar?

Kva ringverknader hadde kristendommen fått dersom dei første kristne hadde satsa på dialog i kjølvatnet av hendingane rundt Jesu krossfesting og den tome grava?

Bilde 1 av 3
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kommentar Sofie Braut

Påska som ligg bak oss, er høgtida der den kristne­ bodskapen vert sett på spissen. I eit kristent perspektiv handlar påska om eit oppgjer på liv og død. Akkurat i dei avgjerande spørsmåla, om Jesu identitet, om han vart reist opp frå grava tredje dagen er det ikkje rom for mello­mposisjonar. Påskemorgon demaskerer uansett: anten Jesu løgner og vrangførestillingar eller Jesu uovervinnelege guddom og ultimate triumf.

Den katolske biskop Robert­ Barron tek i ein av påske­refleksjonane sine eit mildt oppgjer med den tidlegare britiske statsminister David Camerons kjende­ oppsummering av at ­påska ­betyr «godhet, medfølelse, hardt ­arbeid og ansvar».

Barrons poeng er ikkje at noko av dette er feil, men slike verdiar­ er noko alle kan samlast om. Dermed kan ein gå glipp av det påska verkeleg handlar om. Å finna det som er samlande er sympatisk, men også tilslørande. Kvifor? I jakta på det minste felles multiplum, kan vi slå oss til ro nettopp med dette «minste» og dermed risikera å gå glipp av det største.

Les også: Kven vi er, kva vi kan tåla

Svart/kvitt

I det heile å snakka­ om «det største» og sanninga med stor S vert ofte sett som noko arrogant og ovanfrå-og-ned. Mange gjer seg difor til talspersonar for at også kyrkja bør dempa ned forkynnings­iveren til fordel for meir samlande uttrykksformer, til dømes dialog ; «en løpende meningsutveksling som har som mål å skape gjensidig forståelse og å utjevne forskjeller» (Wikipedia).

Eit kjapt sideblikk på miljø­aktivist Greta Thunberg minner oss likevel om at misjon framleis er gangbar mynt. Ho har fått gehør nettopp for å snakka svart/kvitt; no eller aldri. Styrken i gjennomslaget hennar er eit produkt av viljen til å målbera ei sak og gjera det tydeleg. Biletet av hennar einsame «skolstrejk för klimatet» i fjor haust har fått ­tallause unge til å følgja hennar eksempel. Thunbergs kanskje viktigaste bodskap overgår klima­saken, hennar patosfylte tale til FN og EU rommar ei formidabel påminning om noko grunnleggande menneskeleg: å verkeleg ha noko på hjarta går aldri av moten.

Les også: Kva skal vi med åndeleg leiarskap?

Rammar inn

Slik sett er det kanskje ikkje så rart at mange vert uroa når fleire høgprofilerte arrangement i regi av Den norske kyrkja legg opp til «religions­dialog» heller enn forkynning. Eit nyleg døme er det kontroversielle «Prinsessa og sjamanen», samtalearrangementet som i Stav­anger har fått den litt uventa­ vrien at det skal arrangerast i eit kyrkjerom i staden for på eit kulturhus.

Dialogprestane som skal bidra for å ramma inn arrangementet på høveleg vis, har møtt kritikken med å forsikra om at dette ikkje er kurs i sjamanisme, men samtale om åndeleg lengt og personleg utvikling.

Men dei overser kanskje det som for mange kan verka dels rart og dels provoserande ved arrangement som dette.­ For om kyrkja ber den største skatten av dei alle og redninga­ for eit kvart menneske, om dette liv-og-død-­perspektivet frå påskedag held stikk og den tome grava var fullstendig epokegjerande, kvifor bruka kyrkja til å fordjupa seg i andre trusretningar?

Finne fellesnemnarar

A­ndre spør seg om ikkje denne ­typen dialog ein slags «luksus» kyrkja­ kan unna seg dersom lite ­eigentleg står på spel og ein har redigert vekk det provoserande­ som alltid har følgt trua på at snekkaren frå Nasaret var den han sa: Guds son og den ­einaste vegen til den Allmektige?

Eit tankeeksperiment: Kor ville dei første kristne ha blitt av om dei var mest opptekne av å finna moglege fellesnemnarar med dei tallause andre trusretningane i samtida? Eller kva om dei levde etter eitt av sitata som Kirkelig Dialogsenter i Stavanger bruker for å oppsummera korleis dei ser på dialog: «Jeg går inn i dialog, ikke for å forandre den andre, men for å ta del i den gjensidige forandring som kan skje gjennom et møte».

Sjansane er nok store for at dei hadde blitt overmanna av samtida si springflo av ­religiøse sjatteringar heller enn stadig å nå nye med det lyset som hadde overmanna dei ­første ­påskedag.

Sofie Braut - lektor

redaksjonen@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar