Nyheter

Dette er Sta. Birgitta

Vårt Lands «kyrkjespire»-spalte annankvar måndag er no avslutta. Her fortel skribenten bak korleis ho har opplevd å gå på kyrkjejakt i Oslo.

– På den eine sida var det veldig trygt å ikkje kunne svare på kritikken. Samtidig var det kjempeirriterande, seier skribenten bak pseudonymet Sta. Birgitta.

Annankvar måndag har ho skrive om sine besøk i ulike kyrkjer i Oslo i Vårt Land-spalta ̧«Kyrkjespire». Til no har ingen visst kven Sta. Birgitta eigentlig er.

I byrjinga var tekstane merka som meldingar. Mange kjende seg krenka av skildringane frå eigne kyrkjer, men sidan skribenten var anonym, kunne ho ikkje svare på kritikken.

– Men eg prøvde å ta alt til meg, seier ho.

Det var kanskje teksten om messa i Den katolske kyrkja som hausta mest kritikk. Lesarinnlegg i Vårt Land kalla formuleringane ironiserande og negative og «en lek med folks religiøse følelser».

– Vart du overraska?

– Både òg. Eg var ikkje overraska over at det kom reaksjonar, men eg var overraska over det kjempestore behovet for vern av eiga kyrkje.

Ein guide

Sta. Birgitta heiter Sunniva Marie Hustoft, er 23 år og kjem frå Bryne i Rogaland. Ho tok sjølv kontakt med Vårt Land i fjor haust for å spørje om ho kunne skrive i avisa.

– Eg hadde lyst til å lage ein guide for det som finst der ute og i Oslo er det stort mangfald. Eg har flytta mykje og når ein flyttar heimafrå, er det vanskeleg å finne ei ny kyrkje å gå i, seier 23-åringen, som jobbar i Oslo kommune.

Hustoft vaks opp i ein kristen familie, men følte ikkje ho passa inn i dei lågkyrkjelege miljøa som ung. Då ho vart eldre, ynska ho å finne «si» kyrkje.

– Eg var veldig trygg på meg sjølv, men ikkje kva eg ville med trua. Ein er sårbar når ein går på kyrkjejakt, fordi ein må ta aktiv stilling til kva ein trur på og kva type person ein er.

Ho har tidlegare vore aktiv i Hillsong Oslo, ein stad ho også har skrive om i Vårt Land-spalta.

– Det å skrive om ei kyrkje som eg kjenner så godt, var utfordrande. Då måtte eg tenke tilbake til korleis det var då eg først besøkte kyrkja.

Personleg

Hustoft har sidan januar i år besøkt Misjonssalen, Uranienborg kyrkje, St. Olav kyrkje, Filadelfia, Centralkyrkja, Kraftverket, Hillsong Oslo, Storsalen, Grønland kyrkje, Vålerenga baptistkyrkje, Adventistkyrkja Betel, American Lutheran Congregation og Misjonskyrkja på Bjølsen.

Sjølv var ho komfortabel med at tekstane var merka som meldingar.

– Det ein ofte gløymer med meldingar, er at det er bygd på personlege erfaringar. Når folk melder bøker og film i avisa, kan ein få vidt forskjellege konklusjonar. Sånn er det også å gå i kyrkjer. Det er kanskje endå meir personleg, seier ho.

Ho tykkjer det er vel så bra å skildre tekstane som forteljingar frå ei som har besøkt kyrkjer.

– Målet mitt var aldri å seie at denne og denne kyrkja er betre enn ei anna. Eg tenkte: Kva folk kan passe inn her? Nokre kyrkjer passar ikkje for meg, og det er heilt greitt!

Ansvar

Ho tykte kritikken mot teksten om den katolske messa var krass. Sjølv var ho aldri heilt nøgd med tekstane sine, men prøvde å ha litt humor med sine eigne opplevingar.

– Akkurat slik som eg prøvde å legg litt godvilje i desse besøka, sjølv om eg ikkje kunne tenke meg å gått i alle kyrkjene personleg, skulle eg ynskje kritikarane kunne legge meir godvilje i kva tekstane mine kunne bidra med.

LES OGSÅ: Slik svarte Vårt Land på kritikken mot spalta

Hustoft forstår at kyrkjer kan bli frustrert over at det kjem nokon som skal vurdere det dei gjer og så skrive om det i avisa. Ho skjønar også at det kan vere irriterande å bli sett søkelys på av nokon som ikkje har peiling.

– Men poenget var ikkje å vere faglært teolog som skulle ha mange teologiske meiningar. Poenget var opplevinga. Eg trur Den katolske kyrkja er super for mange menneske, men eg sakna litt meir rom. Dei må gjerne ta kontakt om dei vil diskutere vidare, seier ho.

Eitt av måla med spalta «Kyrkjespire» var å gi nokre tilbakemeldingar til kyrkjeleiarar. Ho meiner dei må vere sitt ansvar bevisst.

– Dei fleste, uansett kyrkje, er einige om at vi har eit ansvar for å misjonere. Det handlar også om korleis ein møter folk på søndagen. Det trur eg somme av og til gløymer.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter