Nyheter

Dette er 1/3 av Islands kristne ungdommar

– For oss er det ikkje lett å finne seg kristen kjæraste, seier Páll Ágúst Thorarinsson.

Det aktive, kristne ungdomsmiljøet på Island er ikkje stort. Det einaste som finst er den islandske utgåva av Laget NKSS, som driv kristent arbeid retta mot skular og studiestader. Gruppa for 15- til 20-åringar samlar maksimalt 60 personar, medan gruppa for ungdom over 20 samlar på det meste 20 personar, fortel Páll Ágúst Thorarinsson.

Men denne veka kjennes det likevel ikkje ut som å vere i mindretal. Saman med 27 andre­ islendingar­ deltek 20-åringen på kristenfestivalen UL (Ung Landsmøte) på Randaberg utanfor Stavanger. Til saman utgjer dei over 1/3 av dei som er aktivt med i kristne ungdomsgrupper på Island, fortel Thorarinsson.

LES OGSÅ: – Farleg å prøve å vere perfekt kristen

Få tilbod

– Det er fantastisk å vere her. I Reykjavik er det ikkje noko særleg tilbod til kristne ungdommar over 16 år. Det einaste alternativet du har er å bli leiar for dei yngre, seier islendingen.

På UL kan han nyte å berre vere deltakar. Den islandske gjengen fortel til Vårt Land at dei storkosar seg og synes festivalen er veldig proff.

– Korleis er det å vere kristen ungdom på Island, Thorarinsson?

– Vi er få aktive. Det vanlege er å vere ateist. Så lenge du brukar mykje tid i dei kristne ungdomsgruppene, så går det greitt. Men vi held oss mest for oss sjølve, og det er få som tør å spørje oss om kva vi gjer i ungdomsgruppa.

20-åringen som akkurat er ferdig på vidaregåande, fortel at rekrutteringa til ungdomsarbeidet er laber. Det er eigentleg berre ungdommar frå familiar som allereie er aktive i kristent arbeid som deltek i ungdomsgruppene. Samtidig er mellom 80 og 90 prosent av befolkninga medlem i den islandske, statlege kyrkja, som er Den norske kyrkja si søsterkyrkje.

LES OGSÅ: Droppa sminka i protest mot perfeksjonspress

Spøkelseshus

Ei gruppe på fire personar frå NLM Ung, 
som er hovudarrangøren til UL-festivalen, var på besøk på 
Island­ i vinter.

– Det gjorde veldig sterkt inntrykk, seier NLM ung-leiar Hans Kristian Skaar.

– Vi besøkte blant anna ein liten­ by nord på Island som heiter Akranes. Då fekk vi kome inn i eit bygg som tidlegare hadde blitt brukt til kristent ungdomsarbeid. Det var som å kome inn i eit spøkelseshus, seier han.

Huset hadde knuste ruter, og eit overstøva biljardbord stod på golvet.

– Det gjorde inntrykk å få høyre­ historiene om det kristne­ arbeidet som hadde vore der, men som no låg brakt. Det rørte meg når dei fortalte kor krevjande­ det er å drive kristent arbeid og kor få dei kristne er.

NLMs søsterorganisasjon på Island, Islandsk Misjonssamband (SIK), har aldri drive eige ungdomsarbeid. No slit organisasjonen med rekrutteringa av ungdommar og med å engasjere dei få ungdommane dei har til misjon. I tida framover vil NLM Ung trå til for å sikre framtidig eksistens, fortel Skaar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sjekketid

– Blir de kjent med norske UL-deltakarar, Thorarinsson ?

– Litt. Dei eldste deltakarane er mest opne.

Dei fleste i den islandske gruppa­ er frå 18 til 22 år. Dersom dei er ute etter å få kristen kjæraste, så er ikkje det ei enkel sak på Island.

– Det er ikkje lett på Island når vi er så få. Veldig mange par finn kvarandre i det kristne miljøet, noko vi spøkar mykje med sidan det gjeld så mange av oss.

– Det er mogleg å gripe 
moglegheita no når tusenvis av kristne ungdommar er 
samla?

– He he, kanskje det. Eg har kjæraste. Ho er sjølvsagt frå ungdomsgruppa vår, seier 20-åringen og smilar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter