Nyheter

Det flyt telt på havet med flyktningar i

Flyktningar og migrantar som prøver å ta seg inn i Hellas, inn i Europa, blir skyssa tilbake til Tyrkia, både på land og hav.

Akkurat som små telt flyt dei på havstrekket mellom Hellas og Tyrkia, redningsflåtane med oransje vernetak. Dei skal vere ekstra synlege. For den tyrkiske kystvakta.

Ombord i flåtane sit flyktningar og migrantar. Som fortel at dei nesten nådde målet, Hellas. Men at dei blei plasserte i gummiflåtane, av gresk kystvakt, for å drive tilbake til der dei kom i frå, Tyrkia.

Flåtane har ingen motor, ingen årer. Dei driv for vind og ver.

Hellas og Tyrkia er naboar, og allierte i forsvarsalliansen NATO. Men mellom Hellas og Tyrkia rår hundreår gammalt nag, så dei står mot kvarandre. På land og hav.

Begge brukar menneske på flukt for å råke den andre.

Mot flyktningar mot grensa

Tyrkias utanriksminister Mevlüt Çavuşoğlu har varsla at straks koronapandemien slepper taket, skal landet sende store grupper av flyktningar og migrantar mot Hellas.

– Det var flyktningar i leirane som gjekk til grensa mot Hellas. På grunn av pandemien stoppa dette. Eg seier ikkje dette som ein trussel, men etter pandemien vil flyktningane definitivt ønskje å forlate leirane og dra dit igjen, har Çavuşoğlu sagt til internett-tv-stasjonen DIM TV.

28. februar opna Tyrkia grensa mot Hellas. I vekene fram til koronapandemien stengde ned Europa, let tyrkiske styresmakter titusental flyktningar og migrantar få gå til grenseelva Evros, som renn mellom dei to landa. Totalt husar Tyrkia nesten fire millionar flyktningar, der storparten er frå Syria.

Dei har eitt sterkt ønskje: Få sleppe inn i Europa.

Dei få som klarar å ta seg forbi gresk politi og soldatar, risikerer å bli deporterte tilbake til Tyrkia, avslørte New York Times i mars. For Hellas har oppretta eit hemmelig senter på grensa til Tyrkia der asylsøkjarar blir sperra inne, for så å bli returnerte, over Evros.

Rekordmange over Middelhavet

I 2015 kom det rekordmange flyktningar og migrantar til Europa, drygt ein million menneske. Difor signerte EU ein avtale med Tyrkia i mars 2016 som sa at Tyrkia skulle få raust betalt for å stoppe trafikken, særleg han over havet til dei fem greske øyane nær Tyrkia. Berre i 2015 kom det vel 500.000 i land på øya Lesvos, frå Tyrkia. Dei kom i gummibåtar.

Lenge var trafikken låg, men i 2019 skifta han karakter. Utover fjoråret let Tyrkia stadig fleire få ta båtturen til dei greske øyane. Totalt kom 60.000 seg over.

Mange enda i den sterkt omstridde leiren Moria på Lesvos.

Andre blir skuva tilbake til Tyrkia. På redningsflåtar.

– Desse sakene er grundig dokumenterte, fortel Aegean Boat Report (ABR), ein norsk frivilligorganisasjon som følgjer flyktningtrafikken mellom Tyrkia og Hellas med hjelp av eit stort nettverk.

– Det er ingen tvil om at dei blir utførte av den greske kystvakta, melder ABR.

Den tyske hjelpeorganisasjonen Mare Liberum opplyser at sidan mars har 370 menneske blitt plasserte i 20 redningsflåtar. I tre av sakene er det mogleg å prove at flyktningane hadde nådd greske farvatn innan dei tvinga tilbake til Tyrkia.

Hellas` statsminister åtvarar flyktningar

23. mars melder Tyrkias kystvakt at dei har plukka opp 16 menn, 4 kvinner og 11 barn, alle ombord i ein orange redningsflåte - og legg ut eit foto av redningsaksjonen. Kystvakta skriv at alle 31 var syrarar - og at dei fortel at dei nådde Hellas og øya Sömbeki - eller Symi på gresk - men at dei blei tvinga ombord i redningsflåten og taua ut på havet slik at dei skulle drive tilbake til tyrkisk farvatn.

Minst 11 gonger etter 23. mars har flyktningar og migrantar blitt plasserte på havet, i orange redningsflåtar, for at tyrkisk kystvakt skal plukke dei opp, fortel ein rapport frå Just Security, eit undersøkingsforum som er knytt til New York University School of Law.

Fleire av opplukkingane blir fotograferte og lagt ut på heimesida til Tyrkias kystvakt - og ein av dei som skal ha vore ombord i redningsflåten som blei plukka opp den 23. mars, har sendt Just Security ein kort video frå flåten.

Den hardhende greske send-tilbake-politikken blei varsla 1. mars, av statsminister Kyriakos Mitsotakis, på Twitter: «Eg seier det ein gong til, prøv ikkje å ta deg illegalt inn i Hellas - du vil bli sendt tilbake.»

Mitsotakis åtvaring kom samstundes med at tusental flyktningar og migrantar pressa seg mot Hellas ved elva Evros.

Norge betalar 119 millionar i kontingent

Frontex, det europeiske grense- og kystvaktbyrået, driv Operasjon Poseidon i Middelhavet. Dei første åra var det snakk om å redde folk på havet, no handlar det om grensekontroll. Frontex hjelper Hellas med å overvake EUs yttergrense på land og hav.

Norge støttar også Frontex. «Regjeringen vil ivareta Norges ansvar for å kontrollere vår del av den felles yttergrensen i Schengen og bidra til effektiv kontroll av andre deler av yttergrensen for å sikre at grensepasseringen inn til Europa skjer i ordnete former», skriv utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i Norge i Europa. Regjeringens arbeidsprogram for samarbeidet med EU 2020.

I år må regjeringa ut med 119 millionar kroner i Frontex-kontingent.

Dansk kaptein nekta ordre

2. mars, dagen etter den greske statsministerens tweet, opplevde mannskapet på ein dansk kystvaktbåt som deltek i Frontex-operasjonen den harde greske lina:

«Sett dei tilbake på vatnet og slep dei over sjøgrensa», lydde ordren frå den lokale greske kommandanten i Operasjon Poseidon.

Men den danske skipssjefen som nettopp hadde plukka opp 33 menneske frå ein gummibåt han definerte som «ikkje sjødyktig», nekta å utføre ordren. Han frakta dei til hamn på øya Kos - og fekk eit klapp på skuldra frå Danmarks forsvarsminister:

«Dersom skipssjefen hadde sett migrantane i gummibåten, kunne Solas-konvensjonen blitt broten», skriv Trine Bramsen i eit brev til Folketinget. Konvensjonen handlar om tryggleik på havet; Convention for the Safety of Life at Sea.

Forsvarsminister Bramsen understrekar at skipssjefens vurdering var at det ikkje var forsvarleg å etterkome den greske ordren. Men Hellas kravde at Danmark henta mannskapet heim.

Aegean Boat Report (ABR) dokumenterer at gresk kystvakt stoppar gummibåtar som kjem frå Tyrkia og dyttar dei tilbake mot Tyrkia.

ABR dokumenterer også omfanget av innsatsen til Tyrkias kystvakt og politi. Hittil i år har dei stoppa 428 båtar med totalt 15.200 ombord frå å kome seg over til Hellas.

FN kritiserer Hellas

Omfanget av den greske skuv-tilbake-politikken, særleg sidan mars, får FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) til å reagere:

– Talet på skuv-tilbake-rapportar, særleg på havet, har gått opp, sa talsmann Babar Baloch på ein pressebrif i Geneve.

UNHCR seier Hellas har rett til å kontrollere yttergrensene, men landet må respekterer sentrale menneskerettar og flyktningkonvensjonen. Høgkommissæren minnar om at retten til å søkje asyl skal vere reell, og at flyktningar ikkje skal bli utsette for uformell tvangsretur.

Baloch understreka at menneske som flyktar frå krig, konflikt og forfølging ikkje bør bli nekta tryggleik og vern.

Færre asylsøkjarar til Norge

Innsatsen til Hellas ved EUs yttergrense kan lesast av på Utlendingsdirektoratets statistikk for 2020. 573 har søkt asyl i Norge dei fem første månadane i år. I same tidsrom i fjor søkte 799. Året før 837.

LES MEIR OM DEI SOM PRØVER Å TA SEG INN I EUROPA

---

Flyktningar

  • I 2015 kom det om lag ein million flyktningar og migrantar til Europa via indre rute i Middelhavet, båt frå Tyrkia til Hellas.
  • I 2016 signerte EU og Tyrkia ein avtale som gav Tyrkia rundt tre milliardar kroner og Europa nesten ingen flyktningar.
  • I 2018 byrja talet på flyktningar og migrantar som nådde Hellas å gå opp, for å auke markant i fjor.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter