Søknadsfristen til jobben som generalsekretær i ein av Norges største bistandsorganisasjonar gjekk ut på tysdag. Kirkens Nødhjelp (KN) er ein av dei «fem store» i norsk bistandssamanheng – saman med Norges Røde Kors, Flyktninghjelpen, Redd Barna og Norsk Folkehjelp. Det årlege budsjettet ligg rundt ein milliard kroner, der mesteparten av midla kjem frå bistandsbudsjettet til Utanriksdepartementet.