Nyheter

Derfor vil KFUK-KFUM hjelpe eks-gjengmedlemmar

Å kome seg ut av ein kriminell gjeng er lettare sagt enn gjort. No vil fleire som har vore der sjølv vise folk vegen til «den andre sida».

Initiativa til å hjelpe avhopparar har vore få, små og gode – men slagkrafta har vore lita. Med stadig fleire gjengar og meir valdskriminalitet fleire plassar i Noreg, såg mange at det hasta å tilby eit alternativ. Dei som vil ut, måtte få hjelp.

No slår KFUK-KFUM Noreg, Exit-gruppa og Skamløst nettverk saman kreftene og vil lage eit nasjonalt avhopparprogram for å gi gjengmedlemmar jobbar, helsehjelp og navigasjon i offentlege system.

Ei løysing som virkar

Førebiletet kjem frå Fryshuset Sverige, som har jobba med problematikken i over 20 år. Det er til og med skrive doktoravhandling om programmet. For å nå desse unge, og sikre at dei får det betre, må dette til:

1. Den enkelte ungdommen må vere sentrum, og bli møtt av ein truverdig rollemodell.

2. Ein må kople på fagmiljø innan rus, psykiatri, kriminalitet, arbeidsliv med meir.

3. Programmet må ha samarbeidsavtalar med det offentlege.

Då KFUK-KFUM fann ut om programmet, såg dei at Noreg òg trong dette. Dei planla mot å lansere eit tilbod i 2021/2022. Men utviklinga i samfunnet sette opp farta. No er dei i gang.

Treng nøkkelpersonar for å nå inn

– I våre Forandringshus uti bydelane såg me ei systematisk rekruttering til gjengmiljøa. Ungdommane me jobbar med er positive og gode, men nokre er på vippen på grunn av låginntekt og ulike formar for utanforskap, seier Øivind Mehl Landmark, leiar for KFUK-KFUM Forandringshuset.

Slik kom dei på tanken: Klarar me å samle kreftene i Noreg som vil det same, men som bidrar med ulike ressursar?

– Utan truverdige rollemodellar har me ikkje sjans. KFUK-KFUM har ryggen som tradisjonsrik og sterk organisasjon. Men det er berre desse gutta som verkeleg kan nå inn, seier Mehl Landmark, og peiker rundt seg i møterommet.

Forandringshuset og KFUK-KFUM blir rammeverket, søker om midlar og lagar system. Dei med erfaring møter menneska – og veit kva som skal til for å lukkast.

LES DEI STERKE HISTORIENE: – Ingen besøker deg i fengsel

((((BILETE AV ØIVIND)))))

Må ha noko å drive med

Som du kan lese på dei komande sidene, er det mykje levd liv i dette nye initiativet. Shahid Rasool veit av eigen erfaring, og frå samtalar med unge i gjengar i dag, at det er avgjerande å ha noko å gjere.

– Kor mange kriminelle har blitt superrike, eigentleg? Det er ikkje mange. Kanskje ingen. Ein dag blir du tatt, og då mistar du alt, seier han.

– Men når eg fortel dette til ungdommane, spør dei: Kva skal eg gjere, då? Me må ha arbeidsplassar, stader dei kan gå til. Å vere sysselsett betyr mykje, seier Rasool.

I årevis har han jobba med ungdommar som er utanfor, mellom anna på treningssenteret sitt. Det frustrerer han at det ikkje finst noko tydeleg system for å hjelpe for eksempel dei som kjem ut av fengsel.

– Hjelpa må vere der når dei er motivert til å forlate miljøet. Anten det er ein skuleplass eller praksisplass, eller kva denne personen treng for ikkje å gå tilbake, seier Rasool.

Samfunnet tener på reknestykket

KFUK-KFUM har eit «særskilt ansvar for dei som er i utanforskap», seier Øivind Mehl Landmark. Men å få eks-gjengmedlemmar på rett kjøl krev ekstremt mykje. Det er samansett av jobb, psykiatri, rus, sosiale tenestar, familiane deira, kriminalomsorga – og lista held fram.

– Det som skal til for å lukkast, er skikkeleg tung innsats – og den kostar. Men me veit at forholdet mellom investerte pengar og kva samfunnet tener er heilt tydeleg verdt det, seier Øivind Mehl Landmark.

Han visar til ei utrekning frå Sverige, som har brukt sin modell for avhopparhjelp i mange år. Der får ungdommane 18 månadar med coachar dei har tillit til, som går i turnus for å følge dei heile døgnet, heile veka. Så kjem to år med vekentleg oppfølging, med innsjekksmøter og skreddarsydd støtte.

Investeringa er 1:25. Det vil seie at for kvar eine million ein investerer over desse tre åra, sparar samfunnet for 25 millionar kroner.

– Så samfunnsøkonomisk er det jo enkelt. Når me veit kva som fungerer, kan me ikkje som samfunn la vere å gjere det som vil gi menneske sjansar til eit betre liv, seier Landmark.

LES ÒG: «Filip» og «Sofia» valgte abort i uke 20. Så valgte de å begrave sønnen sin

(((BILETE AV ANNE KARIMA)))))

Jaktar på politikarane

Alle avhopparane Vårt Land har snakka har gitt ulike tilbod hjelp på kvar sin kant fram til no. Men med vanlege jobbar og familiar er behovet for eit system blitt meir påtrengande.

– Her har me moglegheiter saman. Ikkje for å skryte, men eg trur ingen i Noreg har meir kompetanse på dette området enn me som sit rundt bordet her i lag, seier Mikael Niaz Ali frå Exit-gruppa.

– Det som er litt ironisk, er at det er me som har jaga politikarane i lang tid. Burde det ikkje vore omvendt? Me har sagt hundrevis av gonger: Bruk oss! Me kan og vil hjelpe desse ungdommane og familiane.

Med sistnemnte kjem Anne Karima Nordengen inn i biletet. Hjelpeteamet skal støtte foreldre som òg havnar i ein kaotisk situasjon når barna begår kriminalitet. Det fører til mykje redsle og forvirring om alle instansane dei må forhalde seg til.

– Alt startar i heimen. Det kan vere mykje skam knytt til å ha eit barn i ein gjeng, og vanskeleg å navigere i systemet åleine. Viss desse unge skal lukkast, må foreldra òg styrkast, seier ho.

Håpar å få tatt ein cola

Ifølgje regjeringa er ungdoms- og gjengkriminalitet eit område dei vil prioritere å kjempe imot. «Barn og unge som begår lovbrudd skal møtes raskt med en reaksjon og få hjelp til sine problemer. Vi vil nå bidra til å gi unge den støtten de trenger for å bryte med destruktive miljøer og få en ny start», skriv regjeringen.no.

Den oppmodinga tok dette avhopparprogrammet, og spelte inn prosjektet til årets reviderte nasjonalbudsjett. Der fekk dei ingenting – men Politidirektoratet fekk 25 millionar kroner til å jobbe mot gjengkriminalitet. No kryssar gjengen fingrane for pengesekken til Oslo kommune. Mikael Niaz Ali trur denne gruppa kan gjere ein stor forskjell – viss programmet faktisk blir realisert.

– Eg håpar verkeleg me får nok midlar til å kunne gjere dette slik me ønsker. Men eg har håpa i så mange år at eg først trur det når eg får sjå det.

– Eg gler meg verkeleg til å jobbe vidare, og gir ikkje opp. Når dette er på plass, skal eg ta meg ein iskald cola, seier Niaz Ali.

LES MEIR:

I moskeen i Bærum kjempet Muhammad Rafiq en kamp på liv og død. Philip Manshaus har han tilgitt

Folkehøgskular splitta om samlivskrav

Kompisen sto fram som homofil. Ett år senere er han hetero igjen. Er det foreldrene som presser?

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter