Nyheter

Der ingen skulle tru at sauer kunne vinterbeite

Villsau pluss kystlynghei er lik gull.

Snart februar. I fjøset slappar sauene av med ferdigkutta høy og silo servert på fôrbrettet fleire gonger om dagen. Enno masse innetid igjen før våren, ute ligg snøen, under søv graset, ingenting veks. Ingen kan beite her.

Eller kan dei det? Heilt ytst, i hav­gapet, der ingen skulle tru at sauer kunne vere i det heile, og i alle fall ikkje no, ute, midt i vinterstormen, dukkar det jammen eit ullent hovud opp bak ein knaus. Dei svarte auga ser på oss, øyrene rett opp, medan munnen går og går. Sauen jortar – det heiter det når drøvtyggarar tygg maten om att – så noko å ete må han ha funne.

Er det ein rundball gøymt ein eller anna stad? Eller er sauene berre ute på ein kjapp luftetur før dei skal ­attende i fjøset for kvelden? Det er ikkje det, og dei skal ikkje det. For dette er kystlyngheia. Sauene er villsauer. Dei to er ein perfekt kombinasjon utvikla over mange tusen år for å gjere kvar­andre sterkare.

Løynt i lyngen

Løyndommen ligg i lyngen og måten han held på næringa­ medan han står på rot gjennom ­vinteren. Gras kan sjølvsagt óg stå i enga vinteren gjennom, men då mister det kring 40 prosent av næringa det ein gong hadde. Det gjer ikkje lyng: Næringsinnhaldet i røsslyngen på heia er det same no som det var i august.

Dette veit villsauen. Den vesle, hardføre sauerasen har særleg vasstett ull – perfekt tilpassa det våte, blåsete kystklimaet. Han har óg vit nok til å ikkje ete opp røsslyngen om sommaren, sjølv om han er både frisk og fristande med sine grøne blad og lilla blomar. Men villsauen sparer han til vinteren. Om sommaren føretrekk han likevel graset og urtene som veks innimellom lyngtuene.

For kystlyngheia er langt frå nokon monokultur. Saman med sauene bur her edderkoppar og biller og fugl og sopp og planter som ikkje trivast andre stader enn akkurat her. Det særlege biologiske mangfaldet er hovudårsak til at Miljødirektoratet har klassifisert kystlyngheier som enten svært viktige­ eller viktige naturtypar. Samstundes gjer det permanente grøne dekket jorda under lyngheia til eit godt karbon­lager.

På vinteren brenn vi lyngheia medan det er frost i bakken. Slik legg vi til rette for at ung lyng kan vekse fram.

Dømt til å tape?

Sauen og lyngen ville likevel ikkje klart å finne kvarandre heilt av seg sjølv. Kystlyngheia er eit kulturlandskap, og som det meste­ kulturelt har mennesket ein finger ­eller to med i spelet. Mennesket har valt lyngheia over til dømes skog fordi ho var meir hensiktsmessig. Fjernar ein villsauene og sluttar å vedlikehalde heia, forsvinn ho.

Og det er nett det som no er i ferd med å skje. Ein gong var store deler av den europeiske kystlinja kystlynghei – frå Lofoten, via Skottland til Portugal. Men etter eit halvt århundre med utbygging, nedbygging, ombygging og sur nedbør står berre 10 til 15 prosent av dei opprinnelege lyngheiene att. Over ein tredjedel ligg i Noreg.

For dette er oppsida av at kysten er såpass lite utbygd i Noreg jamført med andre land. Vi har framleis såpass ville områder som ei kystlynghei, og vi har så vidt klart å ta vare på sauene som veit å nytte ho.

Men det heile heng i ein tynn tråd. Sjølv i Noreg er berre kring ti prosent av det opprinnelege arealet att, og ­naturtypen er oppført i Raudlista som sårbar. Det er liten tvil om at matproduksjon på denne måten er langt unna effektivitetsmåla som pregar landbrukspolitikken: Der stor, større, størst er bra, betre, best og ein ­reknar suksess i kalorier produsert per kvadratmeter. Slike reknestykke er kystlyngheia dømt til å tape.

Lyng og sau er ikkje berre ein perfekt kombinasjon, det er eit perfekt døme på at vi somme tider må klare å sjå forbi slik umiddelbar logikk. Gjere det motsette av det vi elles får lære er lurt: Gjødslar du lynghei for mykje, til dømes, vert lyngen utkonkurrert av gras. Den beste måten å ta vare på ei lynghei på er å gjere det heilt motsette: Brenne ho ned.

Etter brann kjem vekst

Denne nedbrenninga – er det ikkje same praksis som vi klagar på at bønder driv med i andre land? På kvegfarmar i Brasil og palmeoljeplantasjar i Indonesia, til dømes?

Igjen må ein klare å sjå forbi dei fyrste likskapane og i staden sjå på den største ulikskapen mellom ­Noreg, Brasil og Indonesia: Temperaturen. Vi brenn ikkje lynghei midt på sommaren.­ Vi brenn ho om vinteren medan det er frost i bakken. Då unngår vi at levande røter brenn opp – og ikkje minst unngår vi at jorda sjølv, og alt det organiske materialet, næringsstoffa og frøa som er i ho, går opp i røyk. Vi brenn berre på overflata. Og vi sår ikkje i nokon monokultur etterpå – vi legg berre til rette for at det vi vil skal spire, spirer. Det vi vil ha er ung lyng med masse grønt og mindre ved, og sjølvsagt ei heil rekke gras og urter.

Sist, men ikkje minst, svir vi ikkje heile heia samstundes. Litt kvart år, og det kan gå både ti og tjue år mellom kvar gong eit område må brennast. Då får ein eit mosaikklandskap, eit økosystem som er godt for både fuglar, smådyr og stordyr å leve i: På dei opne, nybrende områda er det godt med mat. I dei gamle, krattvokste områda er det godt å gøyme seg og ta seg ein lur.

Så, når hausten ein gong kjem, slaktar vi sjølvsagt ein del av villsauene. Kystlyngheia er eit produktivt landskap. Men det er produktivt på sin eigen måte: ekstensivt og mangfaldig.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter