Nyheter

Den svarte kjempa gjekk i bakken

Mange er store idrettsstjerner. Nokre få blir endå større. Muhammad Ali er død.

Verdas mektigaste mann seier det slik:

– Han kjempa for oss.

Så legg Barack Obama til i minneordet:

– Han var det største. Punktum.

Midt under dei harde borgarrettskampane, slo han seg fram. Og opp. 18 år gammal blei hans arm heva i ringen i Roma. Han blei olympisk meister i lett tungtvekt i 1960. Fire år seinare blei han verdsmeister.

LES OGSÅ: Muhammad Ali sende kondolansebrev til Norge etter 22. juli

Fram til 1965 slo han under døypenamnet Cassius Clay, så konverterte han til islam og tok namnet Muhammad Ali. Cassius Clay, forklarte Ali, var eit slavenamn.

Laurdag sovna han inn. Sjukdommen tok han. Boksinga gav han Parkinson.

Obamas bilete

USAs president var for ung til å følgje Muhammad Alis karriere. Likevel blei Ali ei leiestjerne for det demokratiske stjerneskotet. Med seg inn i rikspolitikken hadde Obama eit bilete:

Ein nybakt verdsmeister, berre 22 år gammal. På golvet i ringen ligg taparen. Over han står Ali.

I minneordet Obama har sendt ut, skriv han nært om boksaren som vann meir enn boksekampar:

«Eg er Amerika,» sa han ein gang. «Eg er den delen du ikkje vil anerkjenne. Men det må du - svart, sjølvsikker, høg på pæra. Mitt namn, ikkje ditt, min religion, ikkje din, måla mine, mine eigne. Bli vant til meg.» Dette er den Ali eg møtte då eg blei myndig - ikkje berre som dyktig poet, han var ein krigar i ringen, men ein mann som kjempa for det som var rett. Ein mann som kjempa for oss.»

Barack Obama blei i 2008 USAs første svarte president.

Med seg gjennom heile valkampen, og inn på det private kontoret i Det kvite hus hadde Obama eit bilete:

Ein nybakt verdsmeister, berre 22 år gammal.

Det heng der framleis.

Slo for å betre kåra

Obama plasserer Muhammad Ali saman med Martin Luther King og Nelson Mandela, to svarte leiarar som i kvart sitt land kjempa for dei svartes rettar, med fredelege middel.

LES OGSÅ: «Obama forbyr 'neger' – rører ikke 'rødhud'»

Sjølv om Ali slo, slo han for å betre dei svartes kår.

– Han stod opp i tøffe tider og snakka ut då andre ikkje ville, skriv Obama.

Nekta militærteneste

Då Muhammad Ali blei kalla inn til militærteneste, midt under Vietnam-krigen, nekta han av samvitsgrunnar. Pasifismen kosta boksaren dyrt. Han blei stilt for retten, dømt i 1967, fråtatt verdsmeistertittelen og nekta bokselisens.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Men Ali kom tilbake, som den sterke boksaren han var. Som den sterke svarte leiestjerna han var. Dommen blei oppheva i 1971 av høgsterett.

Ali vann to av boksehistorias mest omtalte kampar, The Rumble in the Jungle i 1974 og Thrilla in Manila i 1975.

Kjapp i replikken

Lista over kjappe replikkar frå munnrappe Muhammad Ali, er lang. For like raskt som han slo motstandarar i bakken, like raskt leverte han einlinarar. Som denne:

«Å hate folk på grunn av hudfarge, er galt. Og det spelar inga rolle kva farge som hatar. Det er rett og slett galt.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter