Nyheter

Dempa offisiell frigjeringsmarkering 8. mai

Kongen og statsministeren talar på Akershus festning. Biskopen talar i fredsgudsteneste frå Oslo domkyrkje. Ingen stadar får dei mange tilhøyrarar.

Fredag markerer Norge fredsjubileet i det stille. Kontrasten til frigjeringsjubileet i 1995, vil bli svært synleg. Under kransenedleggingane og talane på Akershus festning var det for få ståplassar.

50-årsmarkeringa baud også på parade opp Karl Johan, med kong Harald på ­paviljong ved Stortinget. Her kom veteranar frå verdskrigen marsjerande. Mellom desse var nordmenn som sat i japansk ­fangenskap i mai 1945, og som difor ikkje fekk ta del i freds­festen i Norge.

No fekk dei helse på kongen - og kunne få kongens heider att­ende. 50 år etter dei andre krigsdeltakarane.

Koronapandemien endra programmet

Frigjeringa 8. mai 1945 er ein av dei største hendingane i Norges historie som sjølvstendig nasjon. Regjeringa hadde førebudd ei stor markering i Oslo.

Slik blei det ikkje:

– 8. mai markerer me sigeren til dei allierte i andre verdskrig. I år skulle me feira 75 år i fridom. Det blir stadig færre veteranar igjen frå andre verdskrig, og me hadde planlagt å heidre desse på 8. mai saman med tidsvitne frå krigen. Slik kan det dessverre ikkje bli grunna koronaviruset, kunngjorde Solberg i april.

Kongen talar og legg ned krans

Difor blir det eit kraftig neddempa oppmøte på Akershus festning i Oslo. Hit kjem kong Harald­ og dronning Sonja, kronprins­ Haakon, kronprinsesse Mette-­Marit­, stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen­, statsminister Erna Solberg, forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, leiar i Stortingets utanriks- og forsvarskomité Anniken Huitfeldt og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

Gjestene som var inviterte, må bli heime, mellom anna fleire ­veteranar frå andre verdskrig som skulle blitt heidra saman med tidsvitne. Regjeringa har avgjort at fleire av dei som deltok i sivil og militær motstand i krigsåra 1940-45 skal bli heidra 8. mai neste år.

Over alt i Norge blir feiringa av frigjeringsjubileet dempa ned. Ved ei lang rekkje bautaer og minnesmerke blir det stille markeringar med få frammøtte. Fleire stadar satsar ein digitalt.

Strøymer jubileumsmarkering

Ein slik stad er Falstadsenteret i Trøndelag. Her etablerte det tyske tryggingspolitiet SS-Strafgefangenenlager Falstad som fangeleir for politiske fangar hausten 1941. Over 4.200 fangar på Falstad under verdskrigen.
Fredag blir det ei digital markering av frigjeringsjubileet:
«Vi går et annerledes frigjøringsjubileum i møte denne våren. Det fysiske møte mellom mennesker i Falstadskogen må dessverre utgå», melder Falstadsenteret, som vil strøyme markeringane på nett.

Blir overført på NRK

Markeringa på Akershus festning vil bli sendt direkte på NRK og strøymd på regjeringen.no. På programmet står tale ved stortingspresidenten, utanriks- og forsvarskomitéleiaren, kongen og statsministeren.

Det blir også lagt ned kransar på Retterstedet, Minnelunden og Nasjonalmonumentet.

Samlar tidsvitne på NRK

NRK har planlagt fleire program om krigen og freden:

«Vi ser tilbake på denne dagen­ sammen med noen av dem som opplevde frigjøringen og de tunge­ årene under okkupasjonen», seier programleiar Ingerid Stenvold på nrk.no.

Fredag samlar ho gjestar i studio for å markere den historiske dagen. På ettermiddagen i morgon sender NRK fredsgudsteneste frå Oslo domkyrkje­. Oslo-biskop Kari Veiteberg held preika.

Møter ein motstandsmann

På kvelden sender NRK ein dokumentar om Ragnar Ulstein, Frihetskjemperen. I 1941 flykta 21 år gamle Ulstein til Storbritannia og blei innrullert i dei norske styrkane som fekk militær opplæring. ­Etter verdskrigen bytta han ut våpen med penn som journalist, forfattar og historikar.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter