Nyheter

Demonstrerte mot konverteringsterapi

Kyrkjerådsleiaren og Skeivt kristent nettverk meiner eit forbod kan sende eit viktig signal.

Bilde 1 av 2

– Det aller sterkaste er å sjå skilta kor det står: «Jeg er ikke syk». Det er det dette handlar om. At menneske opplever å bli definert som sjuke på grunn av kven dei elskar og kven dei er. Der meiner eg kyrkja må vere solidarisk med dei, seier leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho sto på talarstolen under demonstrasjonen i utanfor Stortinget torsdag kveld. Organisasjonen FRI sto bak arrangement. Arrangør-organisasjonane kravde at politikarane skal bli samde om ei lov som slår fast at såkalt konverteringsterapi skal vere forbode.

Blant appellantane var Morten Hegseth, journalisten som står bak VG-serien om homoterapi, Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet, Emilie Nancy Eiken frå Skeivt kristen nettverk og Henza Anwar frå Salam.

Viktig signal frå kyrkja

For Kristin Gunleiksrud Raaum er det viktig å sende eit signal om at kyrkja er der.

Ho uttrykker stor medkjensle for alle dei som har vore offer for press og konverteringsterapi.

– Det er klart at kyrkja tar dette på alvor, og at stemma til kyrkja må være tydeleg også i ein slik samanheng, seier ho til Vårt Land.

Som kyrkjerådsleiar representerer ho heile Den norske kyrkja. Ho opplever å ha breid støtte bak sine synspunkt, samstundes som ho er klar over at det finst dei som er ueinige i synet hennar på desse tinga. For henne er det viktig at dette ikkje skal handle om usemde kring ekteskap.

– Dette må ikkje bli gjort om til ein diskusjon om ekteskap. Konverteringsterapi handlar om noko anna. Eg trur mange av dei som meiner at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne, også tar avstand frå konverteringsterapi og skjønar kor problematisk det er, seier Raaum.

Skeivt kristent nettverk

Det nyoppstarta Skeivt kristent nettverk deltok i demonstrasjonen.

– Sjølv om vi ikkje er ein politisk organisasjon, treff dette oss midt i hjartet. Det er så trist at det er ei gruppe som blir undertrykka og ikkje får leve som dei vil og elske kven dei vil, seier representant frå nettverket, Emilie Nancy Eiken.

Ho er klar over at det kan vere vanskeleg å finne ut på kva måte ein kan formulere eit forbod.

– Det må sjølvsagd vere rom for samtaler om samliv, men vi tenker at det er viktig å sende eit signal om at det er feil å forsøke å endre legninga til folk, seier ho.

Nettverket starta opp i mars vil vere eit samlingspunkt for både heterofile, homofile, bifile og transpersonar. Dei ønskar å utfordre synet på homofili i kristne miljø. Mange har bakgrunn frå eller tilhøyrer i pinsekarismatiske forsamlingar.

LES OGSÅ

• Ap til angrep på Ropstad om homoterapi og menneskesyn

• Urimelig fra Hegseth om homoterapi

• Regjeringa enige om homoterapi – uten KrF

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter