Nyheter

Så kom dagen. Myanmars kraftig fillerista statssjef, fredprisvinnar og demokrati-ikon skulle tale, til folket, til omverda, til kritikarane.

I 30 minutt lytta dei; var der sjølvkritikk å spore, refs av brutal militær framferd mot den ­muslimske minoriteten?

Human Right Watch har lagt fram satellittbilete som viser at 214 landsbyar i rohingyaområda vest i Myanmar er svidde ned til grunnen.

FN opplyser at 400.000 rohingyaar har flykta til nabolandet Bangladesh.