Nyheter

Dekte seg til med Vårt Land

Dei unge hyttenaboene tok mange bilete saman kvar sommar. Dette er det beste, synest ­do-modell Knut Kallhovde.

Det er sommar. Midt på syttitalet. Knut Kallhovde er omtrent sju år gamal og lever glade dagar på familiehytta i Bamble.

Ein dag vil naboguten, Jan-Kristian Schriwer, ha sjuåringen med som modell til eit bilete han skal ta. Det er ikkje første gangen.

– Det var alltid hans idear. Han var 12-13 år på den tida, men han var langt framme når det gjaldt fototeknikk, fortel Kallhovde om naboen.

Donald og Vårt Land

Denne dagen er det utedoen som står for tur. Med Vårt Land som ­kulisse.

– Eg hugsar at det var viktig korleis eg skulle halde avisa. Den måtte dekke meg, men ein måtte sjå hovudet og beina. Då var Vårt Land betre eiga enn Donald og Kapital, humrar Kallhovde.

Utedoen har eit stålstativ på veggen, med ymse lektyre.

– Var du ein ivrig Vårt Land-lesar som sjuåring?

– Nei, eg såg nok mest etter teikneseriane. Eg las mest Donald. Men på den utedoen var det mogleg å fordjupe seg i det meste, seier Kallhovde.

LES OGSÅ: Litterært skriftemål har blitt podkast

Heng på do

Kallhovde er ikkje sikker på akkurat når biletet er tatt. Men ei overskrift på framsida – «Angola-regjeringen slo ned kuppforsøk» – kan tyde på at året er 1977. Kuppforsøket skjedde i mai det året, og bilete på utedoen vart tatt i pinsa.

Kallhovde tykkjer dette biletet er det artigaste han og naboen tok saman, under dei mange somrane i Bamble.

– Eg har rama inn biletet. Det heng på do heime, så eg ser på det kvar dag, fortel han.

LES OGSÅ: Charterturister gir bistand til flyktninger

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter