Nyheter

Deira båt er så liten og havet så farleg

Europa gjerdar seg inne. Men flyktningane kjem likevel. Dødstala stig i Middelhavet.

Europas flyktningpolitikk er i ferd med å havarere:

• Schengen-avtalen som skulle sikre eit grensefritt Europa forvitrar. Frå Storskog i Finnmark til Makedonia-grensa mot Hellas i sør er det bygt grensegjerder, og grensekontrollar blir forlenga.

• Dublin-avtalen som skulle sikre retur av asylsøkjarar til førsteland, blir sett til side. Ungarn nektar å ta imot.

• EUs relokaliseringsavtale som skulle fordele flyktningar, floppar. Skarve 3 prosent av 160.000 asylsøkjarar som kom til Hellas og Italia i fjor, er fordelte til ­andre land.

LES MEIR Fanga i Hellas

Fleire døyr

Ein million flyktningar og migrantar kom seg til Europa i fjor. Innstrammingar i land etter land skulle få ned talet i år. Og Europa har lukkast, viser tal frå International Organization for Migration (IOM):

Per 18. desember hadde 298.474 klart å ta seg over Middel­havet Hellas, Italia og Spania. Per 30. september i fjor hadde 518.181 klart det same.

Færre vel å reise, men dei som vågar, utset seg for større farar. 3.213 har mista livet hittil i år, mot 2.924 i same periode i fjor.

Mange barn

Redd Barnas generalsekretær Tove R. Wang forklarar kvifor.

– All den tid vi ikkje greier å syte for trygge måtar for menneske å søkje om asyl på, kjem folk til å halde fram med å leggje ut på denne livsfarlege reisa.

Organisasjonen er særleg ­bekymra for dei mange barna som fyller dei skjøre farkostane som kjem seglande frå særleg Libya til Italia. Så langt i år har talet på barn som flyktar utan foreldre til Italia over Middel­havet blitt dobla, viser Redd ­Barnas kartlegging.

Vi kan ikkje lenger sitje stille og vere vitne til at barn og familiar druknar framom augo våre.

Eige skip

Redd Barna har i lang tid fremja eitt krav: Auka innsats frå både Norge og Efor å redde menneske frå drukningsdøden i Middelhavet.

Til sist såg dei ikkje anna ­utveg enn å setje ein båt på havet sjølve, for Redd Barna opplever ikkje at europeiske styresmakter viser stor nok vilje til å hjelpe dei som vågar livet.

No i september byrja Redd Barnas innleigde redningsbåt å patruljere havstrekninga mellom Italia og Libya. Skipet kan ta ombord 300 personar på kvart tokt.

Reiser åleine

– Vi kan ikkje lenger sitje stille og vere vitne til at barn og familiar druknar framom augo våre, seier generalsekretær Wang.

I går kom Redd Barna-skipet til Sicilia med 200 flyktningar og migrantar som blei plukka opp på havet tysdag. 40 av desse var barn.

– 30 av barna fortalde at dei reiste åleine, opplyser talskvinne Valentina Bollenback.

LES MEIR Kristne vil ha flyktningar til Italia

Farleg langt

Same dag som barnas redningsskip plukka opp 200, kantra ein båt med flyktningar og migrantar utanfor Egypt. Opp mot 140 personar drukna. Det egyptiske nyhendebyrået Mena melder at rundt 600 var ombord.

I takt med at det blir vanskelegare å leggje ut på europareisa frå Libya, startar no langt fleire båtreiser lengre aust i Nord-­Afrika, særleg frå Egypts kyst, opplyser IOM. Og når havstrekningane blir lengre, aukar også risikoen for at båtane ikkje ber heilt fram.

Strandliv i telt

På nordsida av Middelhavet strevar særleg to land med store grupper med stranda flyktningar og migrantar.

«Opplev det fantastiske ­Hellas», reklamerer eit norsk reise­selskap og freistar nordmenn til Lesvos og Chios i september. På Chios vil norske ­turistar kunne møte flyktningar som bur i sommartelt på stranda. På Lesvos er ein leir designa for 800 sprengt. 3.000 menneske er stua saman i FN-telt.

Etter at EU og Tyrkia blei samde om ein stopp- og returavtale i mars, kjem ikkje flyktningane som framleis kjem til Hellas å ta seg nordover. Resultatet er 60.000 stranda flyktningar i Hellas. Førebels lever dei i limbo­land.

Italia på si side balar med 130.000 flyktningar og migrantar som ikkje får oppfylt sitt største ønskje; reise nordover.

Grensene er stengde. Europa vil ikkje ha fleire. Difor har italiensk Røde Kors måtta oppretta ein leir i gamle industrilokale i grensebyen Ventemiglia. 800 personar vil til Frankrike. Som seier nei, bli i Italia.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter